Unio-leiaren sin replikk:

435 000 – 453 000

To tal i overskrifta: det første er eitt av Unio-krava til KS i årets tariffoppgjer. Det andre er gjennomsnittslønna her til lands.

Publisert: 30. april 2012

Du trur kanskje at 435 000 er krav til begynnarlønn? Nei – det er ein såkalla «garantibestemmelse». Med 20 års teneste skal ingen med 3-årig høgre utdanning tene mindre enn 435 000 kroner i året. Etter 20 år!

Det seier det meste om verdsetting av utdanning og arbeid i kommunal sektor. Om låg verdsetting. Dette handlar om førskulelærarar, sjukepleiarar, ergoterapeutar, sosionomar og vernepleiarar og fleire. Dei fleste er kvinner.

Bak desse tala ligg også mykje av forklaringa på likelønnsgapet. Kvinner arbeider i stor grad i offentleg sektor. Menn i privat sektor. Og dette er skilnader det mykje omtalte frontfaget verken fangar opp eller bøter på. Snarare er det skilnader frontfaget sementerer.

453 000 kroner. Det er altså gjennomsnittslønna i Noreg.

No er det no ein gong slik at ikkje alle kan eller bør tene gjennomsnittet – og alle kan heller ikkje tene meir enn snittet…

Men 435 000 etter 20 års arbeid for kommunen og med 3-års høgre utdanning er vel eit rimeleg krav? «Verdsettingsdiskriminering» er eit langt og tungt ord. Men Unio-kravet illustrerer og kva det handlar om…

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv