Solidarisk seniorpolitikk

Pensjonsreforma og den nye pensjonsavtalen i offentleg sektor gjer det nødvendig med ein langt meir offensiv seniorpolitikk. Både styresmakter og arbeidsgjevarar må no ta eit tydelegare personalpolitisk ansvar: Det må leggast betre til rette for at tilsette flest kan stå lenger i arbeid, slik pensjonsreforma legg opp til.

Publisert: 23. mars 2018

Offentleg tenestepensjon har i lang tid vore rekna som ei av dei sikraste og mest solidariske pensjonsordningane. Den har vore føreseieleg og oversiktleg: Fyller ein visse vilkår – alder og tenestetid – veit ein at pensjonen blir om lag 66 prosent av sluttlønna – livet ut.

I tillegg har offentleg sektor hatt ei god AFP-ordning frå 62 år. Rett nok har det vore sterke avgrensingar når det gjeld arbeidsinntekt, noko mange har vore misnøgde med. Det har også vore problem og risiko knytt til overgangar mellom offentleg og privat sektor.

Den nye avtalen bygger på heilt nye prinsipp, som er politisk vedtekne. Det som slår sterkast ut er at det no vil bli alle år i arbeid som avgjer pensjonsnivået for den enkelte. Dermed blir det mogeleg å kompensere for levealdersjusteringa, som Stortinget vedtok i 2011.

Dette allårsprinsippet slår også inn på AFP-ordninga. Den er ikkje lenger ein rein tidlegpensjon, men eit livsvarig økonomisk tillegg til folketrygda. Den kan kombinerast med arbeidsinntekt, og du er sikra AFP sjølv om du byter jobb mellom offentleg og privat sektor. Dette gjeld også om arbeidsplassen din blir konkurranseutsett og overtatt av private.

Framleis kan AFP takast ut frå 62 år, men vilkåra er endra. Det er ein konsekvens av pensjonsreforma og forventninga om at folk skal stå lenger i arbeid.

Somme hevdar at den nye avtalen er usolidarisk. Det er det ikkje grunnlag for. Dette handlar om solidaritet med dei yngre generasjonane som, på grunn av levealdersjusteringane, vil tape ekstra på å oppretthalde dagens ordning. Dessutan har både folketrygda og den nye tenestepensjonen innebygde mekanismar som gir ein omfordelingsprofil frå såkalla høglønte (som det ikkje er mange av i offentleg sektor) til dei lågare lønte. For Unio har det også vore svært viktig å ivareta likestillingsperspektivet i forhandlingane, og den nye pensjonsavtalen er kjønnsnøytral og livsvarig.

Den nye pensjonsordninga premierer det å stå ekstra lenge i arbeidslivet. Ikkje alle klarer det. Difor blir det heilt urimeleg når statsråd Anniken Hauglie seier at ho er klar over dette, men at dei som ikkje klarer å halde ut, må omskolere seg eller finne seg nytt og lettare arbeid. Dette er urealistisk. Ofte er det først når ein er ved inngangen til 60-åra at det røyner på. Då er det verken lett å omskolere seg eller få nytt arbeid.

Sjølvsagt finst andre ordningar – sjukelønn og uføretrygding. Men dei færraste ser dette som ein ønskeleg avgang frå arbeidslivet.

Unio og dei andre arbeidstakarorganisasjonane har ansvar både for å ta initiativ og for å presse på for nye og betre seniorpolitiske tiltak. Det blir ekstra viktig å legge til rette for både grupper og for enkeltpersonar, slik at dei maktar å stå lenge nok til å oppnå ein anstendig pensjon. Dette krev nytenking, og det krev andre arbeidsgjevarhaldningar til arbeidstid enn det vi stadig vekk ser døme på. Forverra arbeidstidsordningar er dårleg politikk generelt, og ekstra ille i lys av den nye pensjonsløysinga.

I staden trengst ein solidarisk seniorpolitikk. Dette seglar opp som ei forsterka kampsak.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv