Unio-leiaren sin replikk:

Noreg – ein sjøfartsnasjon?

Det er ein del av historia – Noreg har vore og skal vere ein sjøfartsnasjon. Jon Michelet sine suksessbøker om krigssiglarane har løfta fram denne stolte arven. Sjøfarten har på den måten fått fornya kraft som norsk «merkevare».

Publisert: 8. oktober 2015

Det skjer samstundes med at norsk skipsfart, særleg den delen som er knytt til sokkelen og offshorenæringa, baskar i motvind og ureint farvatn. Hovudårsaka til at aktiviteten bremsar opp er sjølvsagt fallet i oljeprisen og dermed lågare aktivitet i oljerelaterte næringar. Brems i oljeaktivteten har lenge vore varsla, og i lys av klimakrisa er ikkje dette negativt.

Men det er negativt viss norske sjøfolk misser jobben, og Noreg i endå større grad taper posisjon som sjøfartsnasjon. Difor trengst kraftfulle omstillingstiltak. Det trengst politiske grep som både sikrar norske sjøfolk på norske skip – og som sikrar norske lønns- og arbeidsvilkår.

Delar av tiltakspakken frå regjeringa kan verke positivt for verftsindustrien. Det er bra. Men det gir ikkje fleire norske sjøfolk, i alle fall ikkje viss fleire skip må i opplagsbøyene.

For å oppretthalde aktiviteten bør regjeringa no, som eitt av fleire tiltak, ta grep som legg til rette for – eller rettare pressar oljeselskapa til – å sette i gang brønnplugging slik at ein sikrar opprydding på sokkelen etter oljefesten.

Skipsfarten er vant til bølger og bølgedalar. Næringa har solid erfaring med å bruke nedgangstider til å tenke nytt og til å omstille seg. Difor jaktar næringa på nye mogelegheiter og nye verkemiddel. Men det trengst også aktiv oppfølging frå styresmaktene.

Nettolønnsordninga har vore eit stabiliserande tiltak, sjølv om den har vore heftig diskutert. I budsjettet ligg det inne ein liten vekst i nettolønnsordninga. Dette er ikkje noko løft. Men likevel bra og eit signal om ei robust nettolønnsordning.

Som ei oppfølging må både regjeringa og stortinget vidare drøfte tiltak for å sikre norske lønns- og arbeidsvilkår på sokkelen og i norske farvatn. Det må til for at skipsfart framleis skal vere ein leveveg for norske sjøfolk.

I den samanheng – og som klima- og miljøtiltak – må det også settast større kraft bak målet om å flytte meir transport frå veg til sjø. Her er det store mogelegheiter. Då må vi ha sjøfolk med høg kompetanse og skip som lyser grønt.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv