Unio-leiaren sin replikk:

Krafttak for boka

– Det er berre gamlisar som les bøker. Eg overhøyrde ein diskusjon mellom ei lita gruppe tenåringar, tydelegvis på veg til skulen. Truleg ungdomsskulen, eller kanskje tidleg i vidaregåandeløpet. – Nei, det er kult på biblioteket, sa ein annan og tok til motmæle.

Publisert: 21. mai 2024

Det kunne tyde på at desse var blant dei heldige. Skulen dei gjekk på hadde tydelegvis eit bra bibliotek. Kanskje har dei til og med ein bibliotekar. Det er langt frå tilfelle ved alle skular. Statistikken tyder på at ni av ti skular har eit bibliotektilbod. Men omfang og kvalitet varierer enormt. Det finst også skular, til og med vidaregåande skular, som er utan eit reelt bibliotektilbod. Av og til er forklaringa at elevane ikkje bruker biblioteket, dei har internettet. Andre gonger handlar det om økonomi. Ingen av forklaringane er haldbare.

Nettopp i ei tid med uendeleg oppslag på nettet, er boka og biblioteket ekstra viktige. Kunstig intelligens (KI) og ChatGPT fiksar ikkje alt. Snarare tvert imot. Å orientere seg i dette terrenget blir stadig meir krevjande og stadig viktigare. Her kan biblioteka, saman med utdanningsinstitusjonane, spele ei heilt sentral rolle. Kjeldekritikk er rett og slett ein viktig del av allmennkunnskapen og danninga i vår tid. Dessutan er fag- og forskingsbiblioteka ei svært viktig nasjonal kunnskapskjelde.

Heldigvis ser vi tendensar til at det er politisk vilje til å satse noko meir på boka. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har markert vilje til å skape betre balanse mellom bruken av skjerm og bok i grunnskulen. I revidert nasjonalbudsjett er det lagt inn 20 millionar til skulebiblioteka. Til saman er dermed tilskotet til skulebiblioteka på 50 millionar kroner i 2024. Det er småpengar i statsbudsjettet. Men tilskotet er viktig både symbolsk og faktisk. Pengane skal i særleg grad gå til å styrke bemanning og kompetanse i biblioteka. Dette er viktige føringar. Så får vi håpe at lokalpolitikarane syter for at pengane blir brukte i tråd med intensjonen.

Leselyst er blitt eit hyppig brukt ord i det offentlege ordskiftet. Mange er med god grunn urolege for tendensen til at færre les bøker, særleg gjeld det unge gutar. Boka slår dermed inn både i debatten om likestilling og levekår, og om utdannings- og yrkesval. Det er ikkje berre i utdanningssystemet at biblioteket trengst. Også folkebiblioteka spelar ei svært viktig rolle både som kunnskapsarena og fellesarena.

Regjeringa har varsla ein leselyststrategi, med kulturministeren som hovudansvarleg. Det er slett ikkje alltid slike politiske strategiar er vellukka. Den praktiske oppfølginga og ikkje minst resultata svarar ofte ikkje til store ord og storstilte lanseringar. Her må både sentrale og lokale politikarar støtte opp.

Biblioteka er ein viktig arena for litteraturen – for all slags litteratur. Litteratur er meir enn kunnskap og fakta. Det er både oppleving og innleving. Det er kultur og kraft. Det er intergrering og samhandling. Litteraturen er dessutan viktig både for å forstå historia og notida, og for demokratiet. Dette kan lett bli høgstemte ord og uttrykk. Det får våge seg.

Samtidig er boka og biblioteket noko så kvardagsleg som ein møteplass for folk. Slike møteplassar handlar ofte om å styrke sosiale band, om å skape gjensidig forståing. I vid forstand har slike møteplassar også ei rolle i å vedlikehalde og styrke den nasjonale beredskapen.

Skal biblioteka, enten det er folkebibliotek eller skulebibliotek, fylle sine mange viktige roller trengst fagfolka – bibliotekarane. Ein reportasje i siste utgåva av bladet «Bok og bibliotek» (2/24) tyder på at stillingar i biblioteka ofte blir dekte av ufaglærte, og at det er overforbruk av mellombelse tilsettingar. Det held ikkje. Biblioteka er og skal vere kompetansearbeidsplassar.

Eit krafttak for biblioteka tilseier satsing på bibliotekarane.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv