Unio-leiaren sin replikk:

Dobbeltspel om innleige

Regjeringa har foreslått reglar som strammar kraftig inn på bruken av innleigd arbeidskraft. Det er bra. Mange arbeidsgjevarar, med NHO i spissen, er kritiske til innstrammingane. Dei hevdar at dette vil hemme fleksibiliteten, og at det vil kunne sette arbeidsplassar i fare. Då blir det mildt sagt eit stort paradoks at regjeringa samstundes vil ha vide unntak for helsesektoren gjennom ei forskrift. Argumenta minner i høg grad om dei som blir brukte mot regjeringa sitt hovudgrep. Dette må kallast dobbeltspel. Dagsavisen kallar det for ein snuoperasjon.

Publisert: 8. november 2022

Regjeringa sitt innstrammingsforslag er fornuftig. Det kan hevdast, slik NHO gjer, at den samla bruken av innleige er relativt liten målt mot heile arbeidsstyrken. Ein Fafo-rapport har anslått omfanget til å vere 1–2 prosent. Likevel er det godt dokumentert at fleire bransjar og i somme regionar er bruken svært høg, nærast ein normalsituasjon. Dette fører til at det blir færre faste tilsettingar, noko som kan hemme den faglege utviklinga.

Ein av dei sektorane som i for stor grad baserer seg på innleigd arbeidskraft er helsesektoren. Kostnaden for innleige er berekna til over ein milliard kroner i året, berre i kommunesektoren. I sjukehusa var talet ein halv milliard kroner i 2020. Det finst også døme på verksemder i sektoren der ein tredjedel av arbeidskraftbehovet blir dekt gjennom innleige. Dette er kostbart både på kort og lang sikt. Det beviser tydeleg at det manglar fagfolk og at grunnbemanninga er for låg, særleg når det gjeld sjukepleiarar. Regjeringa sitt unntaksforslag legg til rette for at denne praksisen kan halde fram. Det er som å stikke ut ein kurs for grunnstøyting. Det er uakseptabelt å halde fram å kamuflere at grunnbemanninga er for låg. Det er direkte uansvarleg å basere beredskap på høg grad av innleige.

Her til lands (og globalt) blir det utdanna betydeleg fleire sjukepleiarar enn det er tilsette. Deltidsomfanget er også for høgt. Den beste medisinen er difor å gjere sjukepleiaryrket og andre yrke i helsesektoren meir attraktive. Då må ein sjå på arbeidsmiljøet, arbeidspresset og på lønna. Dette er ikkje nytt. Det har vore sagt før. Ja, det er nettopp det som er problemet.

Difor må ein starte med å avvise forskrifta som skal gi unntak frå regjeringa sitt eige hovudforslag – innstramming i reglane for innleige. Her har både Unio og NSF vore klinkande klare overfor arbeids- og sosialkomiteen i Stortinget. Regjeringa har for vane å mest låne øyre til LO i slike saker. Vi får tru at Stortinget har ein litt vidare horisont. Dobbeltspelet må stoppast.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv