Unio-leiaren sin replikk:

Historisk LO-angrep

Det har blitt sagt at Unio-streiken mot staten er historisk. Men det er verken streiken eller avtalen Unio ville vidareføre som er historisk. Det mest historiske er LO sine aggressive og usaklege åtak på ein annan fagorganisasjon.

Publisert: 10. juni 2024

Det har hagla med skuldingar og negative slagord frå LO og LO-tillitsvalde under streiken. Unio er usolidariske, og vil undergrave den norske modellen, er blant påstandane. Dei ser tydelegvis ikkje at det er deira eigne angrep på ein lovleg streik som er det historiske. Ein skulle nesten tru at dei meiner at streikeretten er avhengig av godkjenning frå LO. Når YS heng seg på og snakkar om amerikanske tilstandar, blir det berre useriøst.

Den årelange tradisjonen med ein likelydande avtale i staten ga lenge dårlege resultat for Unios medlemmer. Dette måtte stoppast. Vi tok grep i 2022, og inngjekk ein ny avtale med staten og noverande regjering. Vi ville bygge vidare på den tariffavtalen i dette oppgjeret, noko også Akademikerne kravde. Men då forhandlingane starta, møtte vi eit ultimatum: ein likelydande avtale for alle. Difor blei det streik. Og la meg også minne om at det slett ikkje er første gongen det er streik i staten.

No er streiken over. Regjeringa brukte lønnsnemnd i staden for å forhandle, akkurat som i starten på prosessen. Under streiken gjentok statsråd Karianne Tung ultimatumet som svar på våre utspel for å få staten tilbake til forhandlingsbordet.

No skal Stortinget avgjere neste steg. Viss regjeringa får det som dei vil, skal Rikslønnsnemnda avgjere kva som blir den framtidige tariffavtalen mellom Unio og staten.

Denne striden har vore politisert frå dag ein. Det har LO og regjeringa i fellesskap lagt opp til. Det har ikkje gjort saka betre at andre politiske parti har blanda seg inn med sterke synspunkt. Slikt bør ikkje skje midt under forhandlingar eller konflikt.

Unio, saman med YS og Akademikerne, har tidlegare kritisert at LO og NHO er faste medlemmer i Rikslønnsnemnda. Dei er der sjølv om dei ikkje er partar i tvisten. Difor er det heilt naturleg at Unio meiner at tvisten skal behandlast av Rikslønnsnemnda utan at LO Stat deltar i prosessen. Dei er kort og godt inhabile. Det er denne ordninga vi ikkje har tillit til, ikkje Rikslønnsnemnda i seg sjølv, slik somme framstiller det. Her er det fleire som kortsluttar, kanskje med vilje.

Difor er eg ekstra imponert over våre streikande medlemmer og tillitsvalde. Dei har handtert streiken og angrepa på ein offensiv og sakleg måte. Dei har stått i stormen og fått fram bodskapen, tydeleg støtta av kollegaer som ikkje har vore tatt ut i streik. Samarbeidet mellom forbunda har vore svært godt og tillitsfullt.

Steiken er stoppa, men Unio stoppar ikkje: Høgare utdanning skal lønne seg betre!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv