Nye tonar frå OECD?

Lønnveksten i Noreg har vore moderat i 2016 – svært moderat så langt. Dette skal vere partane i arbeidslivet sitt bidrag til å styrke ein svekka norsk økonomi, til å berge arbeidsplassar og legge grunnlaget for at fleire kjem i arbeid. Vi får håpe at medisinen verkar.

Publisert: 13. juni 2016

Men samanhengen er nok ikkje så opplagt som somme vil ha det til. Ein pågåande britisk studie av ei rekkje vestlege land slår sprekker i førestillinga om at lønnspress nedover motverkar arbeidsløyse. Presset nedover kan tvert imot vere skadeleg for sysselsettinga. Å stimulere etterspørsel, kan vere eit betre verkemiddel. Men noko av det sikraste er eit regulert og inkluderande arbeidsliv prega av kollektive forhandlingar, seier den britiske forskargruppa.

Skydekket over økonomien held seg. Det gjeld både norsk økonomi, og i endå større grad er det mørke skyer over dei fleste OECD-landa. Rett nok er oljeprisen no over 50 dollar fatet, som var ein solid oljepris rundt 2010. Men framleis er arbeidsløysa her til lands høg og stigande. Lønnsutviklinga er også svak i høve til dei siste 10-åra.

Likevel, Noreg er framleis på ei grøn grein. Men skal vi tru analysane som kjem frå OECD, slit også Noreg med svak vekst i produktiviteten. Det er i og for seg gammalt nytt. Både regjeringa og produktivitetskommisjonen har understreka det.

Svak økonomisk vekst, svak produktivitet og stigande arbeidsløyse var overskrifter på den store OECD-konferansen og møta mellom finansministrane i starten på juni. Dette er velkjende overskrifter. Men det nye var ei gryande erkjenning i OECD-sekretariatet av at den gamle medisinen – deregulering, innstrammingar, svak lønnsvekst og skepsis til fagforeiningar og kollektive forhandlingar – verkar dårleg, og har for mange biverknader. Ei av biverknadene er auka skilnader, formidabel rikdom for nokre få og fattigdom og stagnasjon for mange.

Generalsekretæren i OECD slo fast at dei veksande skilnadene er eit av dei største trugsmåla mot vekst og velferd, og han understreka at dette forsterkar arbeidsløysa og hindrar økonomisk vekst.

Svaret er «inkluderande produktivitetsvekst» sa han , og tok til orde for at OECD-landa må investere meir, særleg i kompetanse, innovasjon, offentleg infrastruktur og digitalisering. Og han la til at dette må gå hand i hand med satsinga på «grøn vekst».

Dette er ein bodskap den internasjonale fagrørsla har hamra på i lang tid. Kanskje det er lov å vere litt optimistisk, på veg inn i sommaren?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv