Faresignal

Fallande fagorganisering er eit faresignal vi må ta på største alvor: I Unio, i medlemsforbunda, i fagrørsla både nasjonalt og internasjonalt. Låg organisasjonsgrad vil rive grunnen under både tariffavtalar og trepartssamarbeid. Eit organisert arbeidsliv – der både arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida er godt organisert, er ein berebjelke for tilliten i samfunnet.

Publisert: 8. august 2016

Det er vi som fagorganiserte som har hovudansvaret for å snu trenden. Men også arbeidsgjevarar og styresmakter må gjere sin del av jobben.

Organisasjonsgraden i Norge er no på 51,7 prosent. Den har vore relativt stabil det siste tiåret. Men likevel:  Berre litt over halve arbeidsstyrken er medlem i ei fagforeining. Tarifftilknytinga er rett nok høgre. I offentleg sektor, der organisasjonsgarden er om lag 80 prosent, er tariffdekkinga innpå 100 prosent.

Unio og Unioforbunda har hatt medlemsvekst. Sjølv om vi ligg bra an må vi spørje oss sjølve: Korleis kan vi få endå fleire til å fagorganisere seg? Og eit anna spørsmål? Kva skjer dersom organisasjonsgraden fell til under 50 prosent? Det vil svekke fagrørsla – også på «våre» område.

Det er berre å sjå til ein del av våre kollegaer i OECD-landa. Her er organisasjonsgraden no 17 prosent, ein nedgang på 35 prosent på 20 år, ifølgje SSB. I Tyskland er organisasjonsgraden nesten halvert, og er no på 18 prosent. Situasjonen i Tyskland illustrerer dei negative konsekevensane: Svekka makt for fagrørsla, aukande skilnader i lønns- og arbeidsvilkår, sosial dumping. Den tyske fagrørsla har tapt tariffmakt, og har akseptert eit system med politisk vedtatt minstelønn.

Globalt er mindre enn 8 prosent av arbeidsstyrken medlem i ei fagforeining. Å medverke til at fleire blir medlem i ei fagforeining er difor eit viktig solidaritetsarbeid, og ei av årsakene til  Unios internasjonale engasjement.

Det er fleire forklaringar på fallande organisasjonsgrad. Men forklaringar hjelper lite. Det held heller ikkje å rope «fagforeiningsknusing» eller å forbanne Thatcher kvar gong motgangen er der. Vi må vise at fagrørsla, at Unio har dei gode svara og dei framtidsretta strategiane.

I Norge har vi eit godt grunnlag for fornya styrke. Ikkje minst er grunnlaget i Unio-familien godt. Særleg viss vi lever opp til vårt eige slagord: Unio viser veg.  Då vil  også ein annan bodskap nå fram: Ver fagorganisert – vel eit Unioforbund!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv