Tøffare tiltak, Nybø

«Jeg er enig i at det er en ukultur på våre universiteter og høyskoler», seier statsråd for Forsking og høgre utdanning, Iselin Nybø, til VG 10. februar. Endå ein gong handlar det om at sektoren er ein versting når det gjeld misbruk av mellombels tilsetting. «Og det akter jeg å gjøre noe med», seier Nybø til VG.

Publisert: 18. februar 2019

Bra! Sett i gang! Det burde ha vore gjort for lenge sidan. Dette er ei gjengangarsak. For ein del år sidan sette både unge og mellomgamle forskarar namn på fenomenet: dei kalla seg sjølve «lausungane». I håp om å bli tatt inn i den gode familien av fast tilsette.

Litt har skjedd. Men berre litt. Solberg-regjeringa skal ha ros for å kome med gode programerklæringar heilt frå første periode. Lova om statstilsette blei stramma inn  på dette området. Men gjennom endringar i arbeidsmiljølova argumenterte den same regjeringa for å gjere det enklare å tilsette mellombels. Sjølv om arbeidsmiljøloven ikkje slår direkte inn på tilsettingsvilkåra i Universitetssektoren, er eg redd at dei politiske signala har gjort det tyngre å endre ein forstokka praksis i sektoren.

Det er uakseptabelt at folk som gjer ein viktig innsats i ein viktig sektor skal gå årevis utan å få fast jobb. Når ein av fem i denne sektoren er mellombels tilsett, er det ikkje berre ein ukultur. Det er brot på ei samfunnskontrakt: det normale i norsk arbeidsliv skal vere fast tilsetting. Difor er dette ei form for sosial dumping det må slåast hardare ned på.

Om lag 10 prosent av dei tilsette i arbeidslivet har mellombelse stillingar, vikariat inkludert. Det er ingen grunn til at universitets- og høgskulesektoren skal sprenge dette snittet så kraftig, og i årevis. Leiarar i sektoren har ofte grunngitt behovet for overforbruket av mellombelse stillingar med at «finansieringa dei neste åra er usikker». Mange andre sektorar har ei langt meir usikker framtid, og likevel langt mindre omfang av mellombelse stillingar. Argumentet held kort og godt ikkje.

Stasråden må enten vurdere ytterlegare innstramming i lovverket, eller kome med andre konkrete og truverdige tiltak.

Kanskje må statsråden møte misbrukarane nettopp med økonomiske argument. Ideelt sett burde ein belønne institusjonar som får ned omfanget av mellombelse stillingar. Men det ville vere urimeleg overfor dei som faktisk har gjort noko med problemet. Både sektoren generelt, og fleire institusjonar spesielt, har fått mange sjansar. No bør verstingane få klar melding om at viss dei ikkje ryddar opp, vil det få økonomiske konsekvensar.

Tiltaka må bli tøffare!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv