Unio-leiaren sin replikk:
Kulturkollisjon og kompromiss
ETUC-kongressen er ingen søndagsskule. Når representantar for Europas arbeidstakarorganisasjonar møtest i Athen (16.–19. mai) ligg det an til tøffe tak. Både fordi tidene er tøffe for storparten av arbeidstakarane i Europa, og fordi debattane blir harde.
Publisert: 16. mai 2011
Hellas og Athen står midt i striden. I meir enn ein forstand. Økonomien i Hellas er ute av kontroll. Nedskjeringane er tøffe. EU pressar på for fleire kutt. Det same gjer IMF – det internasjonale pengefondet. Og grekarane – fagorganiserte og andre – reagerer med sinne og demonstrasjonar. Forresten, som delegatar blir vi møtte med slagord som “ETUC-byråkratar – go home”, frå aggressive greske fagorganiserte. Portugal og Irland er i liknande posisjonar med tøffe budsjettkutt.
I så måte er vi som kjem frå Noreg og Norden i ein heilt annan og betre situasjon. Men det er all grunn til å stille seg bak det som er kongressparolen: “Mobilisering for eit sosialt Europa”. Svekka økonomi og dårlegare sosiale forholdi Europa vil skape trøbbel også for Noreg og Norden. Dessutan er det framleis noko som heiter solidaritet – også i praksis.
Det kan vere himmelvide skilnader i fagforeiningskultur og tradisjonar mellom dei europeiske landa og organisasjonane. Lange, men velartikulerte, innlegg frå franskmenn tar si tid. Det same gjer replikkane frå overivrige italienarar. Begge konkluderer likevel gjerne med at fleire demonstrasjonar er svaret. helst her og no. Og austeuropearane har alltid overraskingar på lager.
For mange land i Europa, med låg organiseringsgrad, går vegen til sikring av lønnsvilkår ofte gjennom lovverk heller enn gjennom avtaleverk. Lovfesta minstelønn er eit slikt verkemiddel. Mange ønskjer å gjere lovfesta minstelønn både til EU-politikk og ETUC-politikk.
Dette står i sterk motstrid til den nordiske tradisjonen der forhandlingar og kollektive avtalar er
verkemiddelet. Difor mobiliserer dei nordiske organisasjonane. Lønnspolitikken skal vere nasjonal og ikkje EU-basert, er den klare felles haldninga. Det er vel herr kompromisset må finnast. I balanse mellom og respekt for ulike kulturar og tradisjonar.
Unio vil elles sette fokus på offentleg sektors rolle for velferd og verdiskaping. Framheve at utdanning og helse er berebjelkar i eit moderne samfunn. Og skal ein vere moderne, må også ETUC satse meir på likestilling og likelønn. Ta inn over seg at kunnskap og forsking er basis for fleire og betre arbeidsplassar. Og også for eit betre klima.
Om ETUC som organisasjon kan og vil fornye seg, så tar det i alle fall tid. Kulturvariasjonen ser ut til å verke konserverande. Av og til høyrest det ut som om mange ønskjer seg tilbake til industrialismen. Industritradisjonen står sterkt. Kunnskapssamfunnet verkar til tider som noko trugande. Og kanskje er det det. For somme. For tradisjonsmakta.
Men, trass alt, det er teikn til fornying. Kan Athen-kongressen bli hugsa som vendepunktet?
Og starten på betre tider for Europa?