Unio-leiaren sin replikk:
Unio-streikane – ein vekkar for mange
Unio-streikane i 2021 børe vere ein vekkar for mange. Både for dei politiske partia, og for arbeidsgjevarane. Men det som har skjedd, bør også vere eit varsel til alle som vil forsvare den norske modellen.
Publisert: 15. juni 2021
Det er uakseptabelt at dei gruppene som har høgast grad av fagorganisering gong på gong blir straffa av «systemet». Det er nettopp det som har skjedd i dette tariffoppgjeret. Og det er ikkje første gongen.
Først kjem alle formaningane om moderasjon. Så kjem kravet om å halde seg innanfor ramma gitt av frontfagsresultatet. Det er ikkje ein gong eit resultat, men ei prognose fastsett av NHO og LO. For desse er det eit hovudmål å ha kontroll også med lønnsdanninga i andre sektorar. Spesielt viktig er det å halde lønningane i offentleg sektor i sjakk.
Arbeidsgjevarane i offentleg sektor takkar og bukkar, glade for å få hjelp til å halde lønnsnivået nede. Lojaliteten til frontfaget er som regel større enn lojaliteten til innbyggarane og til dei tilsette. KS har også i dette tariffoppgjeret feia rekrutteringsproblema under teppet, vel vitande om at tenestetilbodet i kommunane blir svekt.
Riksmeklaren si oppgåve er først og fremst å hindre streik. Av og til lukkast han ikkje. Det blir streik.
Så blir ein godt grunngjeven og forsvarleg streik i kommunesektoren stansa etter kort tid. Arbeidsgjevar veit, ut frå erfaring, at dersom dei greier å krisemaksimere med store nok bokstavar, vil regjeringa etter kvart ty til tvungen lønnsnemnd. Det skjedde etter få dagar. Arbeidsgjevar hevda, ikkje uventa, at liv og helse var truga, men nekta likevel å godta innvilga dispensasjon. Det skal ikkje mykje til å truge liv eller helse i ein streikesituasjon blant Unio sine grupper. I Oslo var bemanninga i helsesektoren på helgenivå!
Trass i protestar, sjølvsagt mest frå dei streikande, blei det fleirtal for tvungen lønnsnemnd i Stortinget.
Neste ledd i systemet er behandling i Rikslønnsnemnda. Det tar si tid. Og til alt overmål sit NHO og LO som faste medlemmer i Rikslønnsnemnda. Også der vaktar dei over sine eigne lønnsprognosar og si eiga makt, trass i at industrien no utgjer under 10 prosent av arbeidsstyrken!
Det er mange som hyllar både frie forhandlingar og streikerett. Men i praksis viser Unio-streikane at verken forhandlingane eller streikeretten er så frie som mange likar å tru.
Systemet treng ei overhaling. Det gjeld fleire forhold, her nemner eg både frontfaget, grunnlaget for lønnsnemnd og samansettinga av Rikslønnsnemnda.
Høg grad av organisering er eit kjenneteikn ved den norske modellen.
Då kan ikkje grupper med høgast organisasjonsgrad og høgast utdanningsnivå i arbeidslivet finne seg i eit system der frie forhandlingar er ufrie, og der lønnsnemnda blir eit hjelpemiddel for arbeidsgjevarsida. Det bør heller ikkje dei som vil forsvare den norske modellen gjere!
Vi må ha eit system der arbeidsgjevarane også i offentleg sektor tar eit større ansvar for utfordringar og behov i eigne sektorar, slik at det blir reelle lønnsforhandlingar. Dei kan ikkje halde fram å gøyme seg bak lønnsprognosane i industrien.