Globalisering – godt og gale

Globaliseringa blir trekt fram som ei av forklaringane både på Brexit, Trumpsigeren og på veksande misnøye med elitemakt og elitestyring.

Publisert: 20. desember 2016

«Bridging Divides» er overskrifta for den store OECD-konferansen som går føre seg i desse dagar. Aukande skilnader er skadeleg både for økonomien og for tilliten mellom folk, er bodskapen. Dette er verkeleg ein OECD-salto. Det er nemleg ikkje meir enn ti år sidan at tonen var ein heilt annan. Då blei det frå OECD-hald sagt at skilnader var bra, skilnader var ei drivkraft for fornying og vekst.

Denne snuoperasjonen har den internasjonale fagrørsla mykje av æra for. Ikkje minst har avtroppande generalsekretær i TUAC, John Evans, argumentert og dokumentert: Store skilnader er risikabelt både for økonomien og for velferden.

Globaliseringa blir av mange, også OECD, utpeikt som årsaka til problema.

– Vi får stadig fleire bevis på at globalisering fører til enorm rikdom for ein liten, men mektig elite, samtidig som den fører til stagnasjon eller tilbakegang for dei mange, sa OECD-generalsekretær Angel Gurria då han opna årets konferanse.

Det handlar ikkje om små eller lett forklarlege skilnader når ein prosent av verdas innbyggarar disponerer 50 prosent av verdiane! No skal det leggast til at gjennom det siste 10-året har stadig fleire fått utdanning, noko som har løfta svært mange ut av fattigdom. Likevel – det trengst felles handling for å gjere globalisering og digitalisering til instrument som kan fordele meir rettferdig og skape inkluderande vekst, slo han fast og spelte ballen vidare til politikarar i OECD-landa.

Dei har sanneleg ein jobb å gjere. Men det har også vi i fagrørsla. Det er godt dokumentert at når organisasjonsgraden går ned, går skilnadane opp. Dette handlar om makt. Når færre organiserer seg, taper arbeidstakarsida både forhandlingsmakt og politisk makt. Dette er eit større problem internasjonalt enn nasjonalt. Men vi kan ikkje slå oss til ro til lands heller. No er organisasjonsgraden i Noreg under 50 prosent av arbeidsstyrken. Vi må skjerpe oss!

Det må også regjeringa og arbeidsgjevarar. Det nyttar ikkje å prise den norske samarbeidsmodellen i ord, for så å angripe faglege rettar i handling. Enten vi snakkar om arbeidsmiljølovgjeving, pensjonsvilkår eller arbeidstid. For å nemne nokre aktuelle tema.

Det nyttar heller ikkje å framheve fleksibilitet som eit hovudsvar på framtidsutfordringane, vel vitande om at nettopp fleksibilitet kan vere eit verkemiddel for aukande skilnader. Vi ser det i form av misbruk av korttidskontraktar og liknande dumpingtiltak.

Det er også verd å merke seg ei anna OECD-melding frå verdas tankesmie no når dei fleste tariffoppgjera er avslutta: Lønnsvekst er nødvendig for økonomisk vekst!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv