Unio-leiaren sin replikk:
Markering og mobilisering
Onsdag 28. januar går medlemmer i Unio, LO og YS til politisk streik mot regjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljølova. Det blir markeringar mange stader landet rundt, under hovudparola «Forsvar arbeidsmiljølova».
Publisert: 26. januar 2015
Unio og medlemsforbunda har gjennom høyringsprosessen vore skarpt kritiske til mange av endringsforslaga. Særleg gjeld det at:
Det skal bli lettare for arbeidsgjevar å tilsette mellombels.
Det skal bli lettare for arbeidsgjevar å bestemme over arbeidstida.
Arbeidstidsendringane vil kunne føre til lengre arbeidsdagar for mange og meir pålagt overtid. Dessutan vil søndag bli ein endå meir vanleg arbeidsdag.
Det er ekstra provoserande at regjeringa forsterkar presset på dei som frå før er mest fleksible, som er på arbeid dag og natt, helg og yrke. Men det er tydelegvis ikkje nok for arbeidsministeren. Han meiner arbeidslivet må bli meir fleksibelt. Men kallar det trygt og familievennleg.
Gjennom forslaga blir maktbalansen i arbeidslivet endra. Arbeidsgjevarane får meir makt. Vernet for arbeidstakarane blir bygd ned. Organisasjonane får dårlegare vilkår for å ivareta medlemmene sine vilkår.
Sjølv om statsråden etter høyringa har gjort nokre positive endringar , står det fast at arbeidsmiljølova blir svekt. Kursen er feil. Difor er det framleis grunn til å seie nei til forslaga.
Dette er ein politisk demonstrasjonsstreik, ikkje ein tariffstreik. Difor gjeld andre reglar. Det blir ei kortvarig, men sterk og kraftfull markering.
Unio legg stor vekt på at den skal gjennomførast ansvarleg. Det skal sikrast at helse og tryggleik blir ivaretatt.
Dette er ei klar melding til statsråd Eriksson og regjeringa. Det er gult kort. Og det gule kortet har regjeringa med seg vidare. Ei så godt som samla arbeidstakarside.
Dessutan trappar opp påverknadsarbeidet. Ikkje minst trur eg det blir lagt merke til at Unio, som partipolitisk uavhengig organisasjon, markerer tydeleg tale.
No er det opp til Stortinget å lytte, og å vise ansvar.