Unio-leiaren sin replikk:

Tariff og konkurransekraft

Er det verkeleg aktuelt med lønnsauke no? Unio hadde for litt sidan vitjing av kollegaorganisasjonar frå Sentral-Europa. Vi fortalde om den norske modellen for lønnsforhandlingar. Dei fortalde om tøffe vilkår med lønnskutt og budsjettkutt. Det beste dei kunne håpe på var status quo.

Publisert: 15. april 2013

Heldigvis forhandlar vi under betre vilkår. Rett nok merkar også norsk økonomi problema i industrien. Og når norske lønnskostnader ligg nesten 70 prosent over konkurrentlanda, er det ikkje underleg at det kan røyne på for somme bedrifter. Difor vil eksportindustrien bremse lønnsveksten. Merkeleg nok er det somme som først og fremst rettar peikefingeren mot offentleg sektor. Det er industrien sjølv, gjennom frontfaget, som i så fall har forhandla ned konkurranseevna.

Første runde av industriforhandlingane enda på knappe 3,5 prosent. Det vil stige, ikkje minst når funksjonærane har fått sitt. Men eg registrerer at enkelte arbeidsgjevarar og politikarar, prøver å etablere 3,4 som ein fasit. Eg håper i alle fall regjeringa har lært av sin eigen fjorårstabbe. Midt under meklinga blei lønnsanslaget nedjustert frå 4 til 3,75 prosent. Industrien samla enda på 4,2.

No skal det forhandlast. Det skjer på grunnlag av norsk økonomi. Ikkje på grunnlag av problema i europeiske land.

Rammene blir nok trongare enn på lenge. Korleis pengane blir fordelte, blir dermed ekstra viktig. Unios krav bygger på at utdanning må lønne seg betre. Kompetanse må verdsettast høgre, også i offentleg sektor. Det vil dessutan fremje likelønn. I tillegg er utdanning og kompetanse heilt avgjerande for landets konkurransekraft.

Det blir reallønnsauke i år også. Lønnsveksten vil slå prisveksten.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv