Unio-leiaren sin replikk:

Lønnsnivå og lønnsgap

Dette er årstida då lønn er eit av dei hyppigaste trefforda i media. Utspela sirklar rundt lønnsvekst, lønnsutvikling og reallønn. I år forventar dei aller fleste reallønnsauke. Det er heilt nødvendig. Men kva med lønnsnivået for utdanningsgruppene?

Publisert: 22. april 2024

TBU – det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera – leverer analysar og talgrunnlag for tariffoppgjera. Den offentlege interessa er mest knytt til lønnsutviklinga i høve til året før. Kven har fått mest og minst? Og korleis ligg det an i det såkalla «frontfaget». Har prognosane frå NHO slått til, og er det industriarbeidaren eller -funksjonæren som kom best frå det? Media presenterer så vinnarar og taparar.

Men TBU presenterer langt fleire tal enn dei som viser lønnsutvikling. Vi får også tal som viser lønnsnivå for ulike grupper. Og vi får tal som viser skilnader mellom menn og kvinner.

Her ser vi også vinnarar og taparar. Kvinner tener dårlegare enn menn. Dess meir utdanning, dess større likelønnsgap. Det mest påfallande er gapet mellom utdanningsgrupper i offentleg sektor og privat sektor. Ein industrifunksjonær med lang høgare utdanning tener i snitt over 1 million kroner i året, medan ein tilsett i kommunesektoren med same utdanningslengde tener knappe 750 000 kroner i året. Ein generell nivåskilnad på 150 000–200 000 kroner er vanleg i offentleg sektors disfavør. Og dette gapet held seg forbausande stabilt eller aukar, sjølv om behovet for kompetanse er like stort eller større i offentleg sektor.

I år etter år har vi sett statistikk som viser at den personlege avkastninga (lønnspremien) av å ta høgare utdanning er lågare i Norge enn i dei fleste andre OECD-land. Vi skulle kanskje tru at dette er eit politisk problem. Norske politikarar likar jo å vise til område der vi som nasjon ligg i toppsjiktet. Men ikkje her. Nei, dette blir rekna som eit gode. Det styrker visst nok norsk konkurranseevne at vi har billeg akademisk arbeidskraft i høve til andre land. Særleg fordi det generelle lønns- og kostnadsnivået er høgare her enn i mange land vi konkurrerer med. Denne tankegangen gjer det sjølvsagt også «fornuftig» å halde nede lønna for utdanningsgruppene, særleg i offentleg sektor der mange av desse arbeider. Somme kallar det til og med «kollektiv fornuft».

Og her kjem bankøkonomane hjelpande til: Så snart lønnsauke for arbeidstakarar flest blir tema, kjem åtvaringane om negative utslag for renta og kronekursen. Vi høyrer forbausande lite om dette når direktørlønningar kjem for ein dag. Dei må vere «konkurransedyktige», må vite. (Og konkurransedyktig i denne samanheng inneber gjerne eit lønnsnivå som svarar til det 10–20 sjukepleiarar eller lærarar tener til saman!)

For eit år sidan gjorde SSB ein analyse for Unio om livslønna for ulike yrkesgrupper. Den viste, ikkje uventa, at mange gruppe med høgare utdanning har lågare livslønn enn grupper med fullført vidaregåande opplæring som høgaste utdanningsnivå. For somme yrke, er det rett og slett eit økonomisk tapsprosjekt å ta høgare utdanning etterfølgt av arbeid i det offentlege.

Arbeid med og for folk lønner seg altså dårleg. Årsaka er at lønnsnivået er lågt – for lågt. Og likevel så er mange forundra over at det er vanskeleg å rekruttere og behalde kompetanse. I år står kampen om reallønna. Men både arbeidsgjevarar og politikarar må snart innsjå at lønsnivået må opp!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv