Unio-leiaren sin replikk:

Meir enn preik

– Fagrørsla er ein viktig alliert i klimakampen, seier miljøminister Bård Vegar Solhjell som oppspel til ein klimakonferanse i regi av Unio, YS og Akademikerne.

Publisert: 20. november 2012

Men har vi så mykje å legge på bordet, bortsett frå det somme vil kalle preik og proklamasjonar? Til denne tid har vi kanskje levert fleire programformuleringar enn konkrete handlingar. Men vi er på veg. Initiativ og meiningar er ein god start. Som då Unio for fleire år sidan foreslo for regjeringa at klimapolitikk skulle bli ein del av arbeidslivspolitikken og trepartssamarbeidet. Den gongen trudde verken arbeidsminister eller miljøminister at vi meinte alvor. No er vi i gang, om enn med små steg.

– Veksten må vere grøn – grøn omstilling med grøne arbeidsplassar, heiter det i framtidsdeklarasjonen frå nordisk fagrørsle. Rett standpunkt, krevjande i praksis. Fagrørsla er prega av det klassiske målet om økonomisk vekst og sterk sysselsetting. Vi merkar det ekstra tydeleg blant fagforeiningskollegaer i Europa, som møter kutt, arbeidsløyse og dårlege levekår kvar dei enn snur seg. Klimakampen er neppe det første dei tenker på når dei står opp.

Men her til lands kan vi ikkje slappe av den grunn. Snarare tvert imot. Det trengst hendingar for å skape haldningar, heiter det. Men kor ille skal det bli før vi handlar? Som samfunn veit vi nok.

I alle fall nok til at vi må gjer alvor av den grøne tenkinga. Vi treng ein ny grøn skattekommisjon. Vi treng grøn skattevekst. Eit fornuftig kollektivt verkemiddel.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv