Unio-leiaren sin replikk:

Opp med studiestøtta!

Dagens studentar er grunnmuren for framtidas kunnskapssamfunn. I aukande grad skal vi leve av kvarandre sin kunnskap. Kunnskap vil vere hovudvegen til arbeid og velferd. Mange er einige i dette.

Publisert: 19. oktober 2020

Difor burde også fleire vere villige til å satse meir på studentane. Samfunnet gir ikkje denne gruppa gode nok vilkår. Studentane får ikkje den politiske støtta som trengst. Verken i lys av framtidsvisjonane, eller i lys av koronakrisa.

Stengte klasserom, hybelstudiar og mangel på møteplassar med fagleg og sosial kontakt skaper problem for mange. Særleg er dette risikabelt for førsteårsstudentar, både når det gjeld helse og fagleg progresjon.

Universiteta og høgskulane har gjort mykje for å sikre digital undervisning. Men det kan ikkje erstatte det direkte faglege samspelet mellom student og lærar, og mellom studentane. 70 prosent av studentane gjennomfører ein grad innan åtte år. Slik situasjonen er no, er det betydeleg fare for at studieprogresjonen blir svekt og for at fråfallet aukar. Det er ingen tente med, verken studentane eller kunnskapssamfunnet.

Tydelegare tiltak for å legge betre til rette for «koronastudentane» burde ha kome for lengst. Regjeringa tar ikkje situasjonen alvorleg nok. Det viser det nyleg framlagde statsbudsjettet. Men også institusjonane har eit klart ansvar. Det er godt dokumentert at mange institusjonar har pengar, til dels store pengar, på bok. No er det svært gode grunnar til å investere ein del av sparepengane i betre studievilkår.

Det er positivt at regjeringa har sikra 11 månaders studiestøtte. Men studiestøtta er framleis for svak. Skal talet på heiltidsstudentar aukast, må også studiestøtta aukast. Studiestøtta må løftast til minst 1,5 G i året. Det vil seie om lag 160 000 kroner i året. Det er om lag 40 000 kroner meir enn i dag.

I koronaperioden har det har vore sett inn ei rekkje tiltak for å berge arbeidsplassar og for å sikre anstendige vilkår for dei mange som har mist eller står i fare for å miste jobben. Det meste har vore både rett og nødvendig. Også det er framtidsinvesteringar. Og det vil trengast meir både frå regjeringa og Stortinget. Somme bransjar er i kneståande.

Blant dei tiltaka som er sette i verk, er at folk som får dagpengar kan ta utdanning. I utgangspunktet er dette ei bra ordning. Investering i kunnskap er investering i framtida, både for den enkelte og for samfunnet. Av same grunn burde også studentane tilgodesjåast i større grad.

Studentane må i stor grad lånefinansiere si eiga utdanning, og samtidig taper dei inntekt i løpet av studietida. Dessutan er den personlege økonomiske avkastninga på utdanning her til lands blant dei lågaste i Vest-Europa. Særleg viss du etter utdanninga tar arbeid i offentleg sektor.

Difor er det på høg tid å betre dei økonomiske vilkåra for studentane. Studiestøtta må aukast til minst 1,5 G. Det er ikkje berre rettferdig. Det lønner seg både for den enkelte og for samfunnet.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv