Unio-leiaren sin replikk:
Utdanning skal lønne seg
Somme gjer alt dei kan for å hindre ein debatt om lønnsdanning generelt, og frontfaget spesielt. Ivrigast til å forsvare status quo er LO. Dei får støtte frå NHO, og enkelte andre arbeidsgjevarar. På LOs representantskapsmøte kom det sterke angrep på Unio, både direkte og indirekte.
Publisert: 28. februar 2022
Unio har sett eit kritisk søkelys på frontfagsmodellen, slik den har blitt praktisert dei siste åra. Dette har utløyst ei rekke med lettvinte påstandar. Eg nemner nokre: Unios kritikk trugar både norsk økonomi og velferd. Offentleg tilsette skal takke industrien for lønna dei får. Frontfaget er grunnen til den høge organisasjonsgraden. Unio kjempar for større forskjellar i samfunnet.
Når påstandar overtar for argument, tyder det på at det viktigaste er å forsvare eigen posisjon. Å forhandle først og å ville bestemme lønna for alle andre gir industrien ein spesiell maktposisjon. At dei vil forsvare denne, er ikkje underleg.
Derimot er det vanskeleg å forstå at arbeidsgjevarar i offentleg sektor er så ivrige etter å underkaste seg frontfagsramma. Dei lar den første frontfagsprognosen bli taket for sine eigne forhandlingar. Dette inneber at den best organiserte delen av arbeidsstyrken berre har «halv forhandlingsrett». Ein kan forhandle om fordeling av lønnspotten, men ikkje om sjølve ramma. «Kaka», som KS likar å snakke om, er baka av andre. At dette gjer det vanskeleg både å rekruttere og behalde kompetanse, betyr tydelegvis mindre. Problema er ekstra store i kommunesektoren.
Det er «opplest og vedtatt» at frontfaget har vore og er viktig for økonomi, konkurranseevne og velferd. Kor viktig kan neppe nokon sikkert slå fast. Det finst også andre faktorar som er viktige. Mellom anna er det stor fagleg og politisk semje om at eit land sitt utdanningsnivå også er viktig for økonomi, konkurranseevne og velferd. Utdanning og forsking er også viktig for den samla produktiviteten i arbeidslivet. Høg organisasjonsgrad er også bra. Men det er ikkje rett at vi kan takke frontfagsmodellen for høg organisasjonsgrad. Den var like høg eller litt høgare før frontfaget blei innført. Og det er offentleg sektor som er frontfaget når det gjeld organisasjonsgrad!
Lønnsdebatten handlar ofte om utvikling frå år til år. For dei fleste er lønnsnivået viktigare. Unio kjempar for at utdanning skal lønne seg, vi kjempar ikkje for store lønnforskjellar. Avkasting på utdanning – lønnspremien – i Noreg er heilt i botnen i OECD-landa. Med høgare utdanning tener ein i snitt 19 prosent meir enn ein person med vidaregåande som høgaste utdanning. Dette slår også inn når det gjeld likelønn mellom kvinner og menn. Kvinner med høgare utdanning over fire år tener berre 75 prosent av lønna til menn med same utdanningslengde. Kvinner er nemleg i fleirtal i offentleg sektor, medan menn dominerer i privat sektor, særleg i industrien.
Unio står fast på at offentleg sektor skal ha ei større ramme enn frontfaget i årets oppgjer. Det er det gode grunnar til. Det handlar om å ta att etterslep. Det handlar om at utdanning skal lønne seg. Det handlar om konkurranseevne og kvalitet. For arbeidsgjevarar og styresmakter burde det dessutan handle om å rekruttere og behalde godt utdanna arbeidskraft.