God jul!

Vi er på tampen av 2018. Sjølv om jula er høgtid og ro for dei fleste, tar ikkje arbeidslivet heilt pause. Mange skal halde hjula i gang enten det er julaftan eller nyårsdag. Fleire av desse er medlem i eit Unio-forbund, og fortener ein ekstra tanke ved inngangen til jula.

Publisert: 19. desember 2018

Det er også grunn til å minne om at faglege rettar og plikter ikkje er komne av seg sjølv. Dei er framforhandla av fagrørsla – enten det gjeld overtidsbetaling, risikotillegg eller rettar til pensjon og andre ytingar som er ein del av «tryggleiksnettet» for den enkelte.

Nettopp pensjon har vore ei av dei store sakene i fagforeiningsåret 2018. Det gjeld på mange område, men for det store fleirtalet av Unio-medlemmer har det handla om endringar i den offentlege tenestepensjonen. Det var ei viktig sak, særleg for yngre arbeidstakarar. Den nye avtalen møter utfordringane knytt til innføringa av levealdersjustering på ein betre måte enn den tidlegare avtalen. Eg er glad for at avtalen fekk stor tilslutnad i alle medlemsforbunda.

Hovudoppgjera i offentleg sektor kom i mål utan konflikt, med ei økonomisk ramme på om lag 2,8 prosent. Også denne gongen insisterte staten på to avtalar i det statlege tariffområdet, ein avtale for Unio, LO og YS og ein avtale for Akademikerne. Dette skaper problem, ikkje minst for partane lokalt. For staten er dette ein strategi for å flytte meir av lønnsdanninga til lokalt nivå. Dette vil endre maktbalansen, og kunne svekke maktposisjonen til dei sentrale partane.

I november enda ein streik mellom Norsk Sjukepleiarforbund og NHO Service og Handel med tvungen lønnsnemnd etter at NHO gjekk til lockout. Dette er eit anslag mot streikeretten. Og NHO si grunngjeving, mellom anna at dei tidlegare hadde inngått avtale med andre partar basert på frontfaget, er mildt sagt urovekkjande. Det er uakseptabelt om frontfaget blir brukt til å snevre inn den frie forhandlingsretten.

Gjennom dette året har eg hatt oppgåva med å leie eit offentleg utval som skal vurdere ulike sider ved vidaregåande opplæring. Vi har mellom anna vurdert samspelet mellom vidaregåande opplæring og høgre utdanning, og samspelet med næringslivet. Første delinnstilling blei levert i byrjinga av desember. Vi reiser her spørsmålet om elevane er godt nok budde til vidare studiar og til eit arbeidsliv i sterk endring. Eg håper på engasjement og debatt. Først og fremst for å styrke grunnlaget for gode utdanningstilbod til dei unge, men også fordi vidaregåande opplæring er eit viktig fundament for Unios medlemmer.

Unio har også deltatt aktivt i debatten om korleis teknologi og digitalisering vil sette sitt preg på både samfunn og arbeidsliv. Vi  har vore kritiske til at viktige IT-tenester blir outsourca og flytta til land med svakare kontroll og dårlegare arbeidsvilkår. Dette er ei form for kompetansedumping som svekkjer fagmiljøa både i offentleg og privat sektor. Det trengst ein nasjonal IT-strategi der det blir satsa offensivt på kompetansebygging.

Unios representantskap vedtok i desember ein ny politisk plattform for Unio. Her blir det slått fast at Unio skal vere ein viktig samfunnsaktør og tale ekstra tydeleg på vegne av utdanningsgruppene.

Eg takkar medlemsforbunda, medlemmer, tillitsvalde og tilsette for samarbeidet i 2018, og ønskjer alle ei god jul og eit godt fagforeiningsår i 2019. 

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv