Unio-leiaren sin replikk:
Tid til forsking?
Tidsklemma i universitet- og høgskulesektoren er overdokumentert.
Publisert: 6. februar 2012
Ein ny rapport frå Arbeidsforskingsinstituttet har vist at gjennomsnittleg arbeidstid pr veke er 47,5 timar for alle stillingskategoriar. Statsråd Aasland nøyer seg med å kommentere at det då er status quo – det har ikkje blitt verre dei siste åra.
I tillegg har sektoren eit overforbruk av mellombels tilsetting, dobbelt så høgt som snittet i arbeidslivet.
Dagens Næringsliv har på leiarplass kritisert Unios forslag om at arbeidstilsynet bør granske tidspresset i universitets- og høgskulesektoren.
Det held ikkje å møte situasjonen med “la skure”, slik DN og andre vil. Unio jaktar verken på stoppeklokke eller stemplingsur. Og det er fleire dilemma i saka. På den eine sida skal forskarane ha akademisk autonomi, utan unødige inngrep i arbeidet sitt. På den andre sida skal dei ha rammevilkår som både gir rom både for undervisning som er forskingsbasert og for å drive forsking. Forskarane må skaffe tid sjølve. Og det ser ut til at både departement og institusjonar “budsjetterer” med slik innsats. Dette er svak personalpolitikk, og kan kome i strid med arbeidsmiljølova.
Dessutan er det dårleg kunnskapspolitikk. Dårlege vilkår for forskarane inneber dårlege kår for forskinga. Unio vil ha forbetringar for begge. Det vil gi meir og betre forsking.