Unio-leiaren sin replikk:
Nye avtalar, nye forhandlingar og streik
Meklingane i tariffoppgjera i offentleg sektor har vore langvarige og svært vanskelege. Resultata er mangesidige. I KS blei det forhandlingsløysing for dei fleste. Også i staten blei det forhandlingsløysing. Det same skjedde i Oslo kommune. Snart startar forhandlingane i Spekter, der sjukehusa står i sentrum. I sentrum står også lærarane. Utdanningsforbundet kunne ikkje godta meklingsforslaget i KS. Det blir streik om eit par veker.
Publisert: 27. mai 2022
Dei økonomiske rammene i oppgjera er litt over 3,8. Det er noko meir enn frontfagsramma. Kva som skjer med reallønna er usikkert. Det einaste området der det ser ut til at rammene verkeleg blir sprengde, er prisveksten.
For Unio blei det ei betydeleg endring i det statlege tariffområdet. Her har Unio og Akademikerne forhandla fram ein felles hovudtariffavtale. Framleis er det to avtalar i staten, med Unio og Akademikerne sin avtale som den største. Medlemmene skal ta stilling til denne gjennom uravrøysting.
Forhandlingane med Spekter startar 30. mai. Her har partane resultata frå dei andre oppgjera som bakteppe. Korleis det går, står igjen å sjå.
Det står også igjen å sjå kva som skjer i skuleverket. Utdanningsforbundet kunne ikkje godta mindrelønnsutvikling for medlemmene i endå eit oppgjer. KS seier rett ut at dei nedprioriterte lærarane. Det er ikkje første gongen. KS grunngir dette med at kommunane har sagt at det er helsesektoren som må prioriterast. Rekrutteringsproblema er størst der, særleg når det gjeld sjukepleiarar.
Det er liten tvil om at mangelen på sjukepleiarar er kritisk. Det er også mangel på kvalifiserte lærarar i kommunane. Og kva seier fylkeskommunane? Vidaregåande skule er ei hovudoppgåve her, faktisk ein hovudgrunn til at dei eksisterer. Helsesektoren er marginal i fylkeskommunane. Mangelen på godt kvalifiserte lektorar og lærarar er overhengande. Veit ikkje KS det? Eller gir dei blaffen?
KS erkjenner at kommunane samla slit med å rekruttere alle kategoriar personell. Sant nok. Og problema blir berre større og større så lenge KS bruker frontfaget til å halde lønna nede. Sjølv om resultatet for sjukepleiarane var ok, vil kommunane framleis slite med å rekruttere og behalde sjukepleiarar.
Grunnskulen og vidaregåande opplæring er nasjonale oppgåver. Skiftande regjeringar og dei fleste politiske partia hevdar at dei har utdanning og kunnskap høgt på prioriteringslista. Kan nasjonale styresmakter og dei politiske partia verkeleg godta at KS held fram å nedprioritere den gruppa som har lengst utdanning i kommunesektoren?