Unio-leiaren sin replikk:
Gi ungdom sommarjobb og læreplass!
Dette året må arbeidsgjevarar – både i privat og offentleg sektor – strekke seg ekstra langt for å tilby ungdom sommarjobb.
Publisert: 10. mai 2021
Samfunnet har investert store summar i kampen mot koronapandemien. Det har vore løyvd fleire krisepakkar til næringslivet i håp om å berge arbeidsplassar. Framleis er arbeidsløysa svært høg. Ungdom er ei mangfaldig gruppe. Men eit fellestrekk under pandemien har vore at ungdom har vore sårbare. Skule- og utdanningstilboda har vore hardt ramma, og særleg for dei yngste studentane har mangelen på studiefellesskapet vore vanskeleg. I tillegg har ungdom i arbeidslivet ofte vore dei første som blir oppsagde eller permitterte. Ungdomsgruppa har falle mellom fleire stolar.
No jaktar mange av dei unge på sommarjobb. Det er hard konkurranse om dei altfor få jobbane som finst. Difor oppmodar eg arbeidsgjevarar, både i offentleg og privat sektor, til å strekke seg langt som råd er for å tilby sommarjobb til ungdom. I somme bransjar er det neppe realistisk, men det finst trass alt næringar som har klart seg godt det siste året. Å gi ungdom sommarjobb er å ta samfunnsansvar!
I tillegg til at sommarjobben handlar om å tene pengar, er det for mange også ein del av inngangen til arbeidslivet, og ein arena der ein kan treffe folk og hauste erfaringar.
Regjeringa har foreslått ei ordning med økonomisk støtte til bedrifter som gir ungdom med såkalla bistandsbehov sommarjobb. Det er bra, men ambisjonane burde vore høgare. Planen er at inntil 2000 unge som er registrerte hos Nav skal kunne få sommarjobb gjennom eit opplegg der Nav gir eit tilskot på inntil 75 prosent av lønnskostnadene. Dette er ei avgrensa ordning, som må utnyttast fullt ut. Men det er langt fleire enn 2000 som vil ha sommarjobb!
Dette er også ei tid på året der mange unge jaktar på ein annan type jobb – på læreplass. Kvart einaste år er det altfor mange unge som blir skuffa, og ikkje får den læreplassen dei treng for å fullføre utdanningsplanane sine. På dette området har arbeidsgjevarane, både i privat og offentleg sektor, eit stort ansvar for å vere med på å utdanne fagarbeidar. I prinsippet krev dei også å få ha dette ansvaret, og staten medfinansierer ordninga. Men det har vist seg problematisk å delprivatisere ansvaret for yrkesutdanninga. Bedriftene bestemmer i stor grad både om dei vil ha lærlingar og kven dei vil ta inn.
Gjennom Fullføringsreforma har regjeringa foreslått å forsterke og forbetre tilbodet i skule for dei som ikkje får læreplass i bedrift. Dette har møtt kritikk frå arbeidsgjevarar og bedrifter, og frå NHO og LO. Dei fryktar ei forringa fagopplæring og eit B-tilbod i skule. Det er ein overreaksjon, særleg viss vilkåra, både når det gjeld utstyr og anna i skulen, blir klart betre enn i dag.
Kva er så alternativet for ungdom som ikkje får læreplass? Det seier kritikarane lite om. Men det beste argumentet dei kan legge på bordet er kort og godt fleire læreplassar. Det kjem både bedriftene og samfunnet til gode. Og ikkje minst: Det fortener ungdommen!