Unio-leiaren sin replikk:

EU er sjefen?

Nav-skandalen har prega den politiske debatten den siste tida. Ikkje minst har saka prega mediebildet, og det har nok vore heftige diskusjonar både på arbeidsplassar og andre stader.

Publisert: 13. november 2019

Ei rekkje personar som har mottatt Nav-ytingar har blitt urettmessig skulda for trygdesvindel. Somme har til og med fått fengselsstraff, andre har måtta betale tilbake pengar. Det har vore svikt i mange ledd. Feila må rettast opp.

«Systemet» har vore EU-blindt. «Systemet» har ikkje forstått – bevisst eller ubevisst – at EU og EØS-avtalen er sjefen. Dei som er trygda kan altså, med klarsignal frå EU, flytte seg over grenser i EU, enten dei er sjukmelde eller mottar arbeidsavklaringspengar.

Så ser vi samtidig politikkens mange paradoks. Mange av dei mest EU-kritiske aktørane, dei som har kravd at handlingsrommet i EØS-avtalen må utnyttast betre, er dei sterkaste kritikarane av at Nav i denne saka har skaffa seg eit handlingsrom. Og EU-tilhengarane har ikkje annan kommentar enn den vanlege: Noreg må inn i EU for å «påverke», vel vitande om at aksept av fri flyt er inngangsbilletten.

Førebels bestemmer ikkje EU over lønnsdanninga i Noreg. Heller ikkje i medlemslanda. Det finst nokre politikkområde med nasjonal sjølvråderett. Men EU-sjefane i Brussel har appetitt på meir. Meir makt. Også over lønnsdanninga, til og med i Noreg. Det høyrer vi lite om i norske media.

Mange fagforeiningar i Europa arbeider for minstelønn. Dei har svak forhandlingsmakt, og ønsker sikring gjennom lovfesta minstelønn. Dette er innført i fleire land, til og med i Tyskland, med ei sterk fagrørsle. Men det stoppar ikkje der. Mange av våre kollegaorganisasjonar i ETUC (den europeiske hovudorganisasjonen) ønsker minstelønn gjennom EU. Dette har dei nordiske medlemsorganisasjonane kjempa iherdig imot. Vi har vore effektive bremseklossar.

Den nye leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von Leyen frå Tyskland, har lova at ho før det er gått 100 dagar, vil legge fram forslag om rettferdig minstelønn i unionen. No har ho hatt vervet i 14 dagar, og debatten går.

Her til lands er hovudorganisasjonane på begge sider og regjeringa einige om å forsvare den norske ordninga: Lønn skal fastsetjast etter forhandlingar mellom partane, ikkje gjennom lovgjeving. Rett nok er lovfesta minstelønn innført i somme bransjar også her til lands. Somme meiner at vi difor har sett døra på gløtt. Men det er viktig å presisere at det er ein tariffavtale som då blir gjort gjeldande som lov.

Dessutan har både Virke, Framstegspartiet og Venstre tatt til orde for nasjonal minstelønn her til lands. I tillegg høyrest det av og til ut som om frontfagsforhandlarane trur dei har innført ei lov alle andre må rette seg etter!

Likevel, døra til lovfesta minstelønn må slåast igjen og stengast for godt. Viss kollegaene våre i EU-land vil ha lønnssikring gjennom lovfesting, er det deira sak.

Denne saka viser kor viktig fagorganisering er. Det gir forhandlingsmakt.

EU skal ikkje få sjefe over lønna i Noreg!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv