Unio-leiaren sin replikk:

Deltidsfella

Det er kome ny oversikt frå SSB om deltid. Denne gongen er det tal for såkalla ufrivillig deltid. Men dei nye tala er om lag som dei frå i fjor. Lite har skjedd. Det er om lag like mange undersysselsette som det har vore. Eller deltidsarbeidslause, om ein vil. Trass i at lov og regelverk blei endra i løpet av 2013, denne deltida bit seg fast. Og stort sett er det kvinner som er råka.

Publisert: 3. februar 2014

Problemet finst i fleire næringar og etatar. Og fordeler seg på folk med ulike utdanningsnivå, også dei med høgre utdanning. Det gjeld nesten 70000 personar. Og samfunnet går glipp av om lag 20000 årsverk på denne måten. Mange innan helse- og omsorgssektoren.

Kvifor er det slik? Sikkert mange og ulike grunnar. Men det er litt underleg at så mange ikkje får arbeide meir når dei faktisk vil. For det høyrer vi tidt og ofte, at kvinner ikkje vil arbeide nok. Stadig høyrer vi anklagar om at kvinner arbeider for lite, at dei sjølve har innført både 6-timarsdagen og endå kortare arbeidstid. Ikkje minst skal det gjelde helsesektoren.

Men kanskje er det mest retorikk? Kanskje er det greitt og fleksibelt for arbeidsgjevarar at ein del kvinner arbeider deltid når alt kjem til alt? For sidan desse “undersysselsette” trass alt er tilsette, om enn deltid, må vi tru at dei er kvalifiserte. Ein kan gjerne kritisere kvinner for ikkje å arbeide full tid. Men skal kritikken vere truverdig, må i alle fall desse arbeidsgjevarane kunne utvide stillingane for dei som både kan og vil arbeide meir.

Særleg må helsesektoren bryte sin eigen deltidskultur. Berre fire av ti nyutdanna sjukepleiarar fekk i 2012 tilbod om heil stilling. Dermed er meldinga klar: Her må du bu deg på deltid.

Heldigvis finst gode føredøme: Overhalla kommune hadde I 2008 heile 24 ufrivillige deltidsstillingar. I 2013 var dette redusert til fire. Det nyttar, om ein prøver. Og kvinner må i større grad krevje heile stillingar. Heiltid, ikkje deltid, må bli det normale.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv