Unio-leiaren sin replikk:
Skadeleg misbruk av tillit
Regjeringa og Stortinget har vedtatt ei rekkje økonomiske støtteordningar til næringslivet for å bøte på skadeverknader av koronakrisa. Både bedrifter og tilsette kan få kompensasjon for bortfalla av inntekt. Somme av ordningane er tillitsbaserte. Det er eit alvorleg slag i ansiktet på den norske tilliten når fleire bedrifter misbrukar ordningane.
Publisert: 1. mars 2021
I ein serie reportasjar har Dagbladet sett søkelyset på misbruk av ordningane. Dei har oppdaga mange graverande tilfelle. Meir enn 1400 selskap har henta ut støtte gjennom lønnskompensasjonsordninga trass i at dei ikkje hadde ein einaste tilsett då koronakrisa gjorde sitt inntog! Det kan vere feilkjelder i Dagbladet sitt materiale. Men det er liten tvil om at tillitsbaserte ordningar kan vere freistande for kjeltringar å misbruke.
Lønnskompensasjonsordninga er ei førstehjelp til permitterte arbeidstakarar, og inneber full lønn i tre veker. Den enkelte kan få utbetalt om lag 40 000 kroner. Om lag 74 000 selskap har fått støtte gjennom dette tiltaket. Dei 1400 som har misbrukt ordninga er eit lite mindretal. Men likevel er det eit alvorleg brot på tilliten. Ikkje berre det. Det er kriminelt.
Det er store pengar som er løyvd gjennom ulike krisepakkar til næringslivet gjennom koronakrisa. Likevel er det svært mange som har det beinhardt. Det gjeld både bedrifter og grupper og enkeltpersonar i arbeidslivet. Mange går også glipp av støtte fordi dei ikkje tilfredsstiller kriteria i eit regelverk som ikkje alltid blir opplevd som rettferdig.
Det er opplagt at Nav, som utbetalar mellom anna lønnskompensasjonsordninga, har ein stor kontrolljobb å gjere. Ein del av problemet er at ordningane måtte settast raskt ut i livet, og Nav erkjenner at dei har oppdaga svindel. Kontrollen skal intensiverast. Men Nav manglar ikkje akkurat oppgåver for tida. Dei tilsette er hardt pressa av ei rekkje ordinære og ekstraordinære oppgåver.
Koronapandemien er ein tillitstest for heile samfunnet. I det store og heile har det norske samfunnet vist at tilliten står sterkt, og at det seriøse arbeidslivet står sterkt. Men ikkje sterkare enn at det trengst kraftige tiltak i kampen mot dei useriøse. Det er bra, og på høg tid, at regjeringa no har lagt fram ein fornya og forsterka strategi mot arbeidslivskriminalitet.
Dei fleste ordningane er vedtekne i rekordtempo, utan dei vanlege analysane som høyrer til når staten løyver milliardar av kroner. Vi har difor sett ein del uventa og utilsikta konsekvensar. Dermed kjem kritikken frå ulike hald. Noko er politiske utspel, som gjerne følgjer tradisjonelle politiske skiljeliner. Eit døme på dette er faren for at koronakrisa og profilen på støtteordningane kan skape nye ulikskapar i samfunnet og næringslivet. Det er til dømes dokumentert at ein del store bedrifter får langt meir i koronastøtte enn dei betaler i skatt!
Det er både rett og rimeleg med ein open debatt om støtteordningane og om konsekvensane av dei ulike tiltaka. Det er ikkje berre rett. Det er nødvendig for tilliten i samfunnet.
Det er klinkande klart at det må reagerast knallhardt mot dei som prøver å svindle til seg koronapengar. Å svindle med pengar er ille. Å svindle med samfunnstilliten er minst like ille.