Unio-leiaren sin replikk:
Vi har ikkje lov til å gi opp
Dette er skrive medan den globale fagrørsla (ITUC) er samla til verdskongress i Melbourne. Her er viktige saker og store spørsmål på dagsordenen, samstundes står paradoksa i kø. Medan vi diskuterer og vedtar uttalar skjer dramatiske hendingar – kampar på liv og død – rundt om i verda.
Publisert: 21. november 2022
ITUC (International Trade Union Confederation) representerer meir enn 200 millionar medlemmer frå alle verdsdelar. Unio, YS og LO er norske medlemsorganisasjonar. Fleire medlemsforbund er med i Unio-delegasjonen.
Arbeidstakarrettar, menneskerettar og klimasaka er blant dei store ITUC-sakene. I tillegg står likestilling høgt på dagsordenen. Alle desse sakene, og fleire til, pregar saksdokumenta og dagsordenen. Mange resolusjonar blir vedtatt. Sjølv om det er semje om mange saker, ligg det også spenningar i lufta. Som vanleg i globale fora ser ein ulike syn mellom rike og fattige land, mellom aust og vest, nord og sør. Nettopp i slike saker må vi halde oss fast i fagrørsla sin grunnverdi: Solidaritet!
Gjennom 2022 ITUC Global Rights Index, som nyleg er presentert, ser vi ein urovekkande trend: I stadig fleire land blir det farlegare og farlegare å vere fagorganisert. I somme land er det rett og slett livsfarleg å vere tillitsvald. Dei verste landa for arbeidsfolk er Bangladesh, Belarus, Brasil, Colombia, Egypt, Myanmar og Filippinane. Men også NATO-landet Tyrkia er på lista over dei 10-verste. Vi ser at både kapitalismen og politikken kan vere rå.
Vi vedtar resolusjonar og oppmodingar! Men når alt kjem til alt må dette løysast i landa det handlar om. Det er eit spørsmål om politikk og demokrati. I altfor mange land har demokratiet dårlege vilkår. Men vi kan ikkje gi opp. Internasjonalt press, også gjennom økonomiske verkemiddel, kan ha verknad.
Sjølvsagt er det både paradoksalt og forferdeleg. Medan vi drøftar likestilling og demokrati går styresmaktene i Iran til grufulle angrep på eigne innbyggarar. Aller verst er det for kvinner. Når dei prøver å frigjere seg risikerer dei livet.
Midt i kongressperioden startar fotball-VM i Qatar. Her har liv i hopetal og helsa til endå fleire gått tapt i eit antidemokratisk regime som har fått arrangementet ved hjelp av korrupsjon i FIFA. ITUC var tidleg på ballen i denne saka. Det har blitt ein del forbetringar under vegs, men når alt kjem til alt burde Qatar aldri fått tildelt fotball-VM. No er det mediestorm både heime og ute, men stormen kjem for seint. VM blir gjennomført, trass i protestar.
I tillegg har vi ein brutal krig gåande i Europa. Og vi har hungersnaud i fleire land i Afrika. Meir kunne trekkast fram på minussida. Ein kan bli motlaus av mindre.
Men på plussida kjem den ukueleg optimismen som mange av delegatane, nettopp frå hardt råka land og regionar, legg for dagen. Dei vil ha støtte, men veit at dei sjølve må ta dei tyngste taka.
Vi har ikkje lov til å gi opp!