Unio-leiaren sin replikk:

God ungdomstid, men ikkje for alle

Media har ein hang til å finne negative saker. Vi kan difor få inntrykk av at unge i Norge har det ganske ille. Forskinga spriker også. Det meste tyder likevel på at dei unge både har det bra og gjer det bra. Uførestatistikken er derimot urovekkande. På dette området må vi finne betre botemiddel.

Publisert: 26. november 2024

Forsking.no refererer (22.11.) frå ein NAV-konferanse, og presenterer eit nyansert «ungdomsbilde». Ungdata-rapporten (NOVA) for 2024 viser at norske ungdommar har gode oppvekstvilkår og at dei stort sett lever gode liv, meiner NOVA-forskar Anders Bakken. Han viser til gode tal. Ni av ti unge melder at dei har gode venner både på skulen og i fritida. Dei aller fleste er til og med fornøgde med skulen dei går på, og dei er aktive i fritida. Det stemmer heller ikkje at det er ein konstant auke i psykiske lidingar blant jenter, slår Bakken fast.

Også tal frå NAV viser positive trekk. Fleire unge fullfører utdanning, og fleire unge er i arbeid, hevdar NAV-direktør Hans Christian Holte (forsking.no).

Men verken forskarane eller NAV underslår at det er ein del «ungdomsproblem» å ta tak i. Dei som verkeleg slit, har det tøffare enn tidlegare. Skilnadane i ungdomsgruppa aukar, og fleire treng hjelp frå NAV eller andre institusjonar.

Trass i at storparten av dei unge rapporterer at dei har det bra, er dei pessimistiske med tanke på framtida. Berre litt over ti prosent er optimistar, ifølgje ei undersøking frå Opinion. Men det må leggast til at den urolege og uoversiktlege verdssituasjonen med krig og politisk uro, ikkje akkurat gir grunnlag for optimisme.

På den negative sida i Ungdata-rapporten finn vi også ein auke i bruk av rusmiddel, og at fleire opplever vald og mobbing enn før.

Utanforskap har ein tendens til å gå i arv. Det er ein klar tendens til at unge som kjem frå familiar som over tid mottar trygd, står i større fare for å sjølve å ende i NAV-systemet. Dette viser kor viktig det er med førebyggande tiltak og tidleg innsats. Her tar NAV-direktørane sjølvkritikk, men rettar også peikefingeren mot arbeidsgjevarane. Nav har ein tendens til å jakte på diagnosar for å sikre unge inntekt, blir det sagt ifølgje forsking.no. Arbeidsgjevarane har på si side ein tendens til å stille høge krav, og dei diskriminerer både å grunnlag av hudfarge, «rare» namn og helse.

Dette er alvorlege og viktige synspunkt frå NAV si side – både på eigen og andre sin praksis.

Den siste tida har det blitt meir merksemd enn tidlegare på situasjonen for unge menn. Det er blitt tydeleg at for mange slit, særleg i utdanningssystemet. Stadig fleir jobbar krev høgare utdanning, og her er kvinner i fleirtal. Denne utdanningskløfta er illevarslande. Fleire unge menn blir uføre enn unge kvinner.

Sjølv om «ungdomsbildet» er betre enn ein til tider kan få inntrykk av, har vi eit alvorleg problem: Meir enn 110 000 unge mellom 20 og 30 år står heilt utanfor utdanning og arbeid. Talet på unge uføre har dobla seg frå 2010, og har no passert 20 000. 70 prosent av desse har ei psykisk diagnose.

Riksrevisjonen har kritisert både NAV og andre offentleg instansar for å ha både mangelfull strategi og lite systematiske tiltak i arbeidet for å hindre utanforskap.

Både sysselsettings- og uførestatistikken viser store skilnader mellom fylka og kommunane. Noko av skilnadane er «naturlege» og handlar om næringsstruktur og utdanningstilbod.

Det er eit stort paradoks at dagens utdanningsdebatt i stor grad handlar om nedlegging av vidaregåande skular og avvikling av fag og liner. Neste års budsjett dominerer og det meste handlar om å telje talet på unge mellom 16 og 19 år. Dette blir alt for snevert. Ulike elevar treng ulike tilbod, og dei vidaregåande skulane bør kunne ta på seg fleire og meir differensierte utdanningsoppgåver. Til det trengst skular av ulik storleik, og med systematisk samarbeid med lokalmiljøet. Å sende ungdom i risikosona for fråfall er direkte skadeleg.

Dei fleste unge klarer seg godt. Men ikkje alle. Det er på tide å samle krefter på tvers av sektorar for å legge til rette for at sårbar ungdom kjem seg i utdanning eller arbeid. NAV kan ikkje fikse alt. Det trengst ein nasjonal strategi der utdanning, helse, arbeidsgjevarar og kommunar, fylkeskommunar og staten spelar på lag for å nå målet. Dette vil gagne både den enkelte og samfunnet.

Hugs, dei unge er våre utsendingar inn i framtida.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv