Unio-leiaren sin replikk:
Kvalitet?
Alle politiske parti – regjeringspartia, ikkje minst – snakkar ofte og høgt om kor viktig kompetanse er for kvaliteten i offentleg sektor. Men held det i praksis? Korleis er samanhengen mellom liv og lære?
Publisert: 12. september 2012
To medieoppslag i haust illustrerer eit tvilsamt bilde.
1. VG slo nyleg stort opp at eit sjukehus – A-hus – hadde tilsett ei rekkje overlegar som ikkje var overlegar. Og dessutan spesialsjukepleiarar som ikkje var spesialsjukepleiarar. Årsak: det mangla kompetent personell! Og helsestasråden skulle visst nok ha sett ned foten for å etablere nye stillingar og lyse dei ut. Satsing er det kanskje – men neppe på kvalitet.
2. Høgskulen i Volda skulle i samarbeid med kommunar i Ålesundsområdet starte desentralisert lærarutdanning. Dette blei kunngjort med brask og bram. Bra så langt. Men så viste det seg at utdanninga måtte avlysast. Ikkje på grunn av få søkarar – dei var det mange av. Men det viste seg at mange ikkje var kvalifiserte til å starte utdanninga. Visstnok var det krefter som helst ville gå i gang. Argumentet skulle vere at det jo var deltidsutdanning (sic). Men avlysing blei det – sjølvsagt.
Men så viste det seg ifølgje avisa at fleire av dei ukvalifiserte søkarane alt arbeidde som lærarar i grunnskulen. Vi veit at det er mange ufaglærte som arbeider i skulen. Men her blei det verkeleg sett på spissen. Og det skjer år etter år. Kommunale leiarar med ansvar for å gi gode tenester lar det skje. Lokalpolitikarar like eins, men vil gjerne ha verdas beste skule i sin kommune. Og kva gjer sentrale politikar? Jau, snakkar om kvalitet, lagar kampanjar og plasserer ansvaret hos kommunane. I barnehagen er unntak for kompetansekrav sett i system. Fleire tusen manglar utdanning som førskulelærar.
I denne situasjonen drøftar regjeringa om ein skal lempe på krava til studiekompetanse.
Kvifor ikkje seinke lista og la alle med fullført vidaregåande få studere, viss dei vil? Då slepp ein i alle fall nokre trøblete krav. Og ein ville sleppe å avlyse planlagde utdanningstilbod, slik ein måtte i Ålesund i haust. Og det er ikkje sikkert at det hadde blitt oppdaga ein gong at ufaglærte søkarar allereie underviste i skulen?
Å sette krav om kvalitetssikring til sides svekker offentleg sektor. Dei fleste vil tape på det. Kanskje bortsett frå dei som ivrar for private tilbod.