Unio-leiaren sin replikk:

Rikslønsnemnda må endrast

Det er uakseptabelt at NHO og LO skal ha ei særstilling i Rikslønsnemnda. I dagens system er desse organisasjonane representerte under tvistebehandlinga, uansett kva tvisten gjeld, og uansett kven som er dei eigentlege partane. Dei er portvaktarar for sine eigne avtalar og sine eigne interesser.

Publisert: 23. april 2019

Dette blei tydeleg demonstrert då Rikslønsnemnda i tvisten mellom Norsk Sjukepleiarforbund (NSF) og NHO Service og Handel dømde NSF til å underlegge seg den same tariffavtalen som NHO tidlegare hadde inngått med LO. Og på toppen av det heile: NHO hadde brukt lockout for å stoppe ein lovleg streik, for på den måten å presse fram tvungen lønnsnemnd og behandling i Rikslønsnemnda.

Lockout er eit lovleg kampmiddel. Men det vi ser her er eit system i ubalanse. NHO, med støtte frå LO, bruker eit forelda system for å vinne fram. Systemet må endrast.

Vi står no midt i tariffoppgjera i stat og kommune. Viss LO seier ja, medan ein eller fleire av dei andre partane går til streik, så kan det bli tvungen lønnsnemnd og behandling i Rikslønsnemnda. Etter å ha akseptert for eigen del, skal altså LO delta i behandlinga av andre organisasjonar sine tvistar! Ei slik ordning ville vere utenkeleg på dei fleste andre rettsområde, men altså ikkje i tariffspørsmål.

Det er all grunn til å spørje om dette systemet gir tilfredsstillande vern av organisasjonsfridomen og retten til arbeidskamp. Dette er prinsipp som er nedfelte i fleire konvensjonar som Noreg har slutta seg til, enten det gjeld ILO-konvensjonar eller den europeiske sosialpakta.

Noreg har fleire gonger fått kritikk frå ILO for «lettvint» bruk av tvungen lønnsnemnd i samband med lovleg arbeidskamp.

Det spesielle med Rikslønsnemnda – enten det handlar om frivillig eller tvungen lønnsnemnd – er at dommen derfrå har same verknad som ein tariffavtale.

Rikslønsnemnda er oppnemnd av regjeringa, og har tre nøytrale medlemmer, inkludert ein leiar. Under behandling av den enkelte saka tiltrer tvistepartane med to representantar kvar, ein med stemmerett. I tillegg har NHO og LO kvar sin faste representant som deltar i behandlinga av alle saker. Det er det siste som er urimeleg.

Det er rett nok liten tvil om at NHO og LO har hatt ein ekstra sterk posisjon i norsk samfunns- og arbeidsliv. Noko av dette er forankra gjennom hovudavtalen av 1935, og påfølgande reguleringar av styrkeforholdet mellom arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida, og gjennom trepartssamarbeidet med staten. Det er heller ikkje tvil om at andre arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgjevarorganisasjonar har dratt nytte av dette føregangsarbeidet.

Når dette historiske hegemoniet blir utfordra, ser vi at NHO og LO allierer seg i forsvar for det gamle systemet. Dei kjempa til dømes hardt for å halde andre hovudorganisasjonar vekk både frå TBU og frå Kontaktutvalet. Difor er det «naturleg» at dei forsvarar sine særstillingar, i dette tilfellet i Rikslønsnemnda.

Likevel, ordninga blir berre meir og meir uakseptabel. NHO og LO kan ikkje lenger hevde at dei representerer arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Fleirtalet av organiserte arbeidstakarar er no medlemmer i organisasjonar utanfor LO! Dette vil forsterke seg i tida som kjem.
Det gjer også kravet om endringar i Rikslønsnemnda.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv