Unio-leiaren sin replikk:

KS fornøgd – kommunane og innbyggarane taper

Det er uhaldbart at grupper som har den høgste organisasjonsgraden gong på gong blir overprøvd i lønns- og forhandlingssystemet, inkludert i tvistesystemet. Problemet blir på nytt illustrert gjennom kjennelsen i Rikslønnsnemnda i tvisten mellom Unio og KS.

Publisert: 27. september 2021

Høg grad av fagorganisering er ein berebjelke i den norske modellen. Vanlegvis legg ein til grunn at høg organisasjonsgrad gir makt og innflytelse. I mange tilfelle er det rett. Men på lønns- og forhandlingsområdet gjeld ikkje dette utan vidare. Utdanningsgruppene i offentleg sektor er i aller fremste rekkje når det gjeld fagorganisering. Men i forhandlingssystemet er det lagt inn ei rekkje avgrensingar – formelle og uformelle – for å hindre at organisasjonane skal dra nytte av medlemsmakta.

I kjennelsen i tvisten mellom Unio og KS fungerer Rikslønnsnemnda nærast som eit avskrivingsbyrå for KS sine krav og påstandar. Det heile blir krydra med formuleringar om at nemnda ikkje vil avvike frå sin eigen «langvarige praksis». I tillegg til at KS får viljen sin, legg nemnda til grunn at dei streikande skal straffast ved at lønnstillegga, også for dei med berre lokale forhandlingar, først skal gjelde frå streikeslutt. I dette tilfellet inneber det at resultatet gjeld frå 4. juni, ikkje frå 1. mai.

Bak det heile ligg frontfaget. Partane i industrien vil, og får lov til å styre lønna for resten av arbeidslivet. I teorien er dette ein modell med nyansar og slingringsmonn, noko som er stadfesta av fleire offentlege utval. Men i praksis fungerer ei stram tolking av ordninga som eit maktmiddel, ikkje berre på vegne av industrien, men i like stor grad for arbeidsgjevarar som vil halde lønna nede.

Årets oppgjer i KS illustrerer «saksgangen»:

Partane i industrien leverer først resultatet, det vil seie ei prognose, av sine forhandlingar. Unio krev deretter lønnsutvikling og lønnsnivå som går litt utover årets frontfagsresultatet. Målet er å heve lønna til eit rimeleg nivå, og dermed gjere yrka litt meir attraktive. Men framleis er det langt igjen til lønnsnivået for utdanningsgrupper i privat sektor. KS avviser krava, og viser til frontfaget. Det blir forhandlingsbrot for Unio, medan andre hovudsamanslutningar godtar. Det blir mekling. Meklinga bryt saman. Det blir streik. Så blir det branntilløp i eit bossanlegg. KS avviser eit forslag om dispensasjon. Då er det «fare for liv og helse». Regjeringa grip inn. Det blir lønnsnemnd. Streiken blir stoppa, 4. juni. På haustparten blir det møte i Rikslønnsnemnda. Her har både NHO og LO faste representantar, sjølv om dei ikkje er part i konflikten. Rikslønnsnemnda, minus Unios representant, konkluderer med at KS har «rett», og Unio sine synspunkt blir avviste.

Systemet har «fungert». På industrien sine premissar. Og i favør av arbeidsgjevarparten. Dei mest etterspurde og best organiserte yrkesgruppene blir pressa på plass av eit system som er rigga for nettopp det: Å halde lønna i sjakk for store grupper i offentleg sektor.

KS er tilsynelatande fornøgd. Men kommunane veit nok at dei har tapt ytterlegare både når det gjeld omdømme og rekrutteringsgrunnlag.

Streiken har vore viktig og nyttig. Vi har med stor kraft sett søkelyset på store samfunnsutfordringar. Folk har all grunn til å forvente at kommunane syter for tilstrekkeleg med høgt utdanna personell. KS prøver å stikke hovudet i sanden, men stadig fleire ser at det må takast eit krafttak for å styrke rekrutteringa til viktige yrker i velferdsstaten. Difor må lønnsnivået opp, og hindringar må byggast ned.

Viss frontfaget vil ha eit snev av legitimitet, må praksis endrast. Det gjeld både industriens praksis, og ikkje minst må arbeidsgjevarar i offentleg sektor slutte å misbruke frontfagsresultatet.

NHO og LO må ut av Rikslønnsnemnda når dei ikkje er part i tvisten.

Den komande regjeringa må gjere sitt for at utdanning, kompetanse og ansvar for dei med høgre utdanning i offentleg sektor blir meir verdsette. Dei må gjerne klappe, men berre det held ikkje!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv