Meir IT-trøbbel
Eg visste ikkje. Eg visste ikkje, repeterte direktøren for Helse Sør-Øst. Ho blei hardt pressa av NRK i førre veke. Men prøvde å forsvare seg: – Det er difor vi har sett i gang gransking, for å finne ut kva som har skjedd.
Publisert: 8. mai 2017
Og kva hadde skjedd? Jau, ei rekkje utanlandske IT-arbeidarar har i fleire veker hatt tilgang til sensitive helsedata for så mange som to millionar norske pasientar. Men risikoen er der. Og både direktørane og helseministeren visste vel at IT-tenester i Helse Sør-Øst var flagga ut? Oppgåver og ansvar var overlatne til utanlandske selskap og konsulentar. Sentralt i utflagginga står amerikanskeigde Hewlett Packard Enterprise, som i sin tur drar nytte av billeg kompetanse i Aust-Europa. Visstnok frå Bulgaria.
Når statsråd Høie har blitt konfrontert med situasjonen, har han vridd seg og mumla standardsvaret: « Slikt skal ikkje skje». Eit velkjent svar når grove feilskjer blir avslørte. Statsråden visste kanskje ikkje alt. Men hovudsaka – utflagginga – var han godt kjent med. Likevel har han i Stortinget informert om at utlendingar ikkje får tilgang til sensitiv helseinformasjon.
Men det er ikkje første gong utflagging av IT-tenester viser seg risikofylt. For ikkje lenge sidan blei det slått alarm på Mongstad-raffineriet. Viktige funksjonar var overlatne til indiske IT-arbeidarar. Ordet skandale blei brukt.
Eit google-søk nettopp på «IT-skandale» gir mange, svært mange, treff. Helse Sør-Øst og Statoil er ikkje åleine om å ha undervurdert risikoen ved utflagging. Andre gonger handlar skandalane om at vi her til lands manglar relevant kompetanse, at prosjekt blir dyre, dårlege og forseinka. Både i offentleg og privat sektor. Og då har eg ikkje rekna med at opposisjonspolitikarar lett tyr til «skandale» i slike saker.
Dagens regjering har ansvar, men ikkje åleine. I lang tid har utflagging vore den dominerande strategien på IT-området. Når bedrifter – også offentlege bedrifter – skal effektivisere, er svaret ofte å flagge ut IT-tenester. I praksis betyr det ofte å eksportere arbeidsplassar til utlandet, gjerne med lønnskostnader som norske arbeidsgjevarar knapt vågar å tenke på her heime.
Eg har sagt det før: I praksis er det nedbygging eller utsending. Av norske arbeidsplassar og av kompetanse. Og på kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt. Men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Spesielt trygt er det heller ikkje. Det er dokumentert gong på gong.