Unio-leiaren sin replikk:

Når kontrastar møtest

Styremøtet i den internasjonale fagrørsla (ITUC) i Sao Paulo fekk ein ekstra dimensjon denne gongen. Ein krevjande dimensjon av kontrastar.

Publisert: 12. oktober 2015

Møtet starta med eit minutts stille minne om dei mange som hadde mista livet under terroråtaket i Tyrkia dagen før. Deretter fekk ein av møtedeltakarane, Fatma Cetintas, frå Tyrkia ordet. Ho heldt ein gripande tale om situasjonen i Tyrkia. Som fagforeiningsleiar stod ho midt i det, og kjende mange av dei som hadde blir drepne eller skada under ei markering for fridom og demokrati.

Ho fekk med seg mykje sympati og støtte i det ho hasta heim til Tyrkia, vel vitande om at talet på omkomne kunne blir større enn det som då var kjent.

Seinare i møtet i Sao Paulo kunne vi hylle ein av møtedeltakarane: Houcine Abbassi. Han er ein av dei som dagen før fekk vite at han var blant av vinnarane av Nobels fredspris 2015. Trass i oppstyret etter kunngjeringa, kom han til møtet som planlagt.

Eg fekk høve til å gratulere Abbassi, og veksle nokre ord med han. Han var svært glad og stolt over prisen, først og fremst på vegne av heimlandet og demokratiseringsprosessen. Abbassi er ikkje ein mann som framhevar seg sjølv, eller som slår om seg med store ord. Tvert imot han er audmjuk, men likevel målretta og pågåande. Han gledde seg til å kome til Noreg i desember.

– Så godt som alle krigar eller stridar blir avslutta med ei aller anna form for dialog, sa han. I ein vanskeleg og usikker situasjon bestemte vi oss for å prøve dialog før det var for seint, og dermed har vi lagt eit grunnlag for vidare arbeid.

Han gjentok den same bodskapen i plenum då han fekk spørsmål om kva som var den viktigaste erfaringa han ville bringe vidare. – Dialog er ein føresetnad for fred, slo han fast.

Og la til at både styresmakter, fagforeiningar og det sivile samfunnet har ansvar for å finne nødvendige kompromiss.

For fagrørsla – internasjonalt og nasjonalt – er det all grunn til å glede seg over at ei av våre grunnleggande arbeidsformer, den sosiale dialogen, blir verdsett. Ikkje først og fremst som eit dagleg verkemiddel for fagrørsla og dei andre partane, men som ein veg til fred.

Ein viktig bodskap til dei stridande partane i Tyrkia. Og andre stader i ei uroleg verd.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv