Unio-leiaren sin replikk:

Ein lang stridshaust?

Dette blir ein haust prega av strid – konfliktar og harde debattar.

Publisert: 18. august 2014

Etter mislukka meklingsforsøk verkar striden mellom KS og Utdanningsforbundet både tilspissa og fastlåst. Lærarane forkasta den framforhandla arbeidstidsavtalen med dunder og brak rett før sommaren. Dei ville ikkje ha meir bunden og kontrollert tid. Dei krev tillit profesjonell yrkesutøving. Mistrua rammar først og fremst arbeidsgjevarane i kommunane og KS som motpart.

Sentrale politikara har opplagt eit medansvar for at det har utvikla seg eit tillitsgap: Det har vore rikeleg med feite lovnader, følgt opp med magre budsjett og med melding om at ein lokalt må finne løysingar. Dermed fryktar lærarane (og andre yrkesgrupper) at eitt av måla med nye avtalar er å få pengane til å strekke lenger.

KS seier at dei har tillit til lærarane, og er villige til å snu alle steinar i jakta på ny avtale og arbeidsfred. Steinane blei kanskje snudde, men tydleg ikkje flytta langt nok for å få Utdanningsforbundet med. Dermed gav meklarane opp i denne omgang.

Samstundes bygger det seg opp til ein annan strid: Kampen om arbeidsmiljølova. Dette er ikkje ein kamp på tariffarenaen, men på den politiske arenaen. Her handlar det også om arbeidstid. Det handlar også her om maktbalansen mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane.

Stasråd Eriksson vil gi arbeidsgjevarane meir makt, både over tilsettingsvilkår og arbeidstid. Dessutan skuvar han grupper som står svakt på arbeidsmarknaden framfor seg. Han argumenterer med engasjement og iver, og verkar lite mottakeleg for argument. I alle fall ikkje frå organisasjonar som representerer arbeidstakarar flest. Han får sine idear på reiser og selektive møte med utvalde aktørar.

Dette provoserer. Og det set også trepartssamarbeidet på prøve. Han seier at høyringa er reell, og at han skal lytte. Vil han det? Eller blir også dette ein skarp og langvarig strid?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv