Unio-leiaren sin replikk:

Ungdom i krise

Arbeidsløysa blant ungdom i Europa er rekordhøg. Om lag 5 millionar er utan arbeid. Mange er verken under utdanning eller i arbeid. I dei hardast råka landa er opp mot annankvar ungdom arbeidslaus (49 prosent i Spania, 45 prosent i Hellas). Vi står i fare for å få ein tapt generasjon. Ein generasjon som knapt nokon gong blir ein del av arbeidslivet. Samfunnet taper, og den enkelte taper. Det er også ein illevarslande situasjon for mange unge i Norden.

Publisert: 21. mai 2013

Vegen frå langvarig arbeidsløyse som ung til varig utestenging frå arbeidsmarknaden resten av livet er faretruande kort. I tillegg kjem mellom anna ei rekkje personlege konsekvensar.

For å bøte på situasjonen, har partane i arbeidslivet i Europa i over eit halvt år forhandla om ein avtale – eit rammeverk – som er retta mot å betre ungdoms situasjon på arbeidsmarknaden. Undervegs var det slett ikkje berre forhandlingsvilje å spore frå arbeidsgivardelegasjon. Arbeidsgivarane sitt utgangspunkt var at låge lønningar og mellombels tilsetting ville “skape” jobbar. Dette utgangspunktet kunne ikkje arbeidstakarsida godta. Tvert imot, dette ville vere ei ny felle for dei unge.

Unio har deltatt i forbhandlingane om den europeiske ungdomsavtalen. Utdanning og opplæring er verkemiddel som er særleg sterkt framheva av partane. Likevel, alt tyder på at dersom dette skal verke, må den dominerande kutt- og nedskjeringspolitikken vike plass for ein aktiv jobbstrategi. Pessimismen er i ferd med å få fotfeste. Det er farleg. Difor må både EU og nasjonalstatar skape optimisme for ungdom ved å gå frå innsparing til investering.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv