Unio-leiaren sin replikk:

– Nokon må gripe inn

Dei fleste hadde håp om reallønnsvekst i år. No spår sentrale fagmiljø at vi får endå eit år med reallønnsnedgang. Prisveksten ser ut til å bli klart større enn 4,9 prosent, som låg til grunn for tariffoppgjera. SSB spår ein prisvekst på 5,6 prosent. Prisveksten dei siste 12 månadane har vore på 6,7 prosent. Matvarer har blitt meir enn 13 prosent dyrare det siste året. Dette er ille, og rammar mange.

Publisert: 13. juni 2023

Det ser ut til at Noregs bank held stø kurs. Svaret derfrå ser ut til å vere å heve renta vidare. Så langt har dette ikkje stoppa inflasjonen. Som om det ikkje er nok. Krona er rekordsvak. Sjølv om dette kan gagne eksportbedrifter, er det illevarslande for norsk økonomi. Kva dei gode eksportinntektene får å seie for lønnsveksten i dei aktuelle næringane, er usikkert. Regjeringa prøver å vere optimistisk ved å vise til at situasjonen er verre i mange andre land. Det er mildt sagt ei fattig trøyst for arbeidsfolk flest.

Regjeringa har dessutan skapt problem for seg sjølv ved å endre både strategi og retorikk i løpet av eit halvt år. I haust handla det meste om innstramming og nøktern pengebruk. No har pipa fått ein annan lyd. Kanskje er det fornuftig. Men regjeringa burde levere betre forklaringar. No framstår det som om at den største politiske endringa er at kommunevalet kjem nærare og nærare.

Som vanleg stridast mange økonomar både om årsaker og verknader. Bankane sine folk trur for det meste på vidare rentevekst. Det er det stort sett bankane som tener på. Økonomi ser dessutan ut til å vere ein vanskeleg arena for dei som vil drive spådomskunst.

– Nokon må gripe inn, syng Stein Torleif Bjella. Han tenkte nok verken på inflasjon eller svak kronekurs. Det bør politikarane våre gjere. Statsministeren har nyleg lovd at regjeringa skal halde både prisar og renter i sjakk. Har regjeringa kort i ermet som snart skal spelast ut?

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv