Unio-leiaren sin replikk:

Skal bompengar trumfe det meste?

Bompengeprotestane har sett fyr i den politiske debatten. Så varmt har det blitt at regjeringspartia er i ferd med å bompengesprenge både seg sjølve og heile regjeringa. Det får så vere.

Publisert: 20. august 2019

Men er det verkeleg slik at bompengar fullstendig skal dominere valkampen fram mot kommunevalet? Eg har akkurat sett NRK si utspørjing av partileiar Siv Jensen. Det var til å bli deprimert av. Ikkje fordi Siv Jensen gjorde ein dårleg figur. Men fordi ho, med god hjelp av NRK og andre media, legg opp til ein valkamp der bompengar får fortrenge dei langt viktigare sakene, som kommunane har ansvar for. Det er på sin plass å minne om at det er eit kommune- og fylkestingsval som står for tur, ikkje eit stortingsval. Kommunane er dessutan den største arbeidsgjevaren her til lands.

Mange irriterer seg over at dei må betale bompengar. Og mange merkar det også på lommeboka. Men med respekt å melde: Kvardagslivet til folk flest handlar om langt meir, og langt viktigare saker enn om bompengesatsar.

Sjølvsagt vil den nasjonale politikken prege lokalpolitikken. Men dei politiske partia er samstundes påpasselege med å framheve det lokale sjølvstyret – når det passar. Som til dømes i debatten om kommunesamanslåingar, for ikkje å seie samanslåingar av fylke. På eit seminar under Arendalsveka oppsummerte ei gruppe forskarar erfaringar med kommunereforma – så langt.

– Kvifor er ikkje kommunereforma høgare på dagsordenen i valkampen, spurte forskarane. Og gav langt på veg sjølve svaret: Kommunereforma er først og fremst ei sentral reform, ofte dårleg forankra lokalt. Dessutan, dei som er for større kommunar argumenterer gjerne med «betre tenester», men motstandarane argumenterer med at mindre kommunar i større grad er ein «garantist» for lokaldemokratiet. Men problemet for dei politiske ideologane er at folk vil ha begge delar: både god tenestekvalitet og eit aktivt lokaldemokrati der ein kan påverke prosessar og vedtak. Naturleg nok.

Nettopp dette er det valkampen i større grad burde handle om: Korleis vil lokalpolitikarane sikre både omfanget og kvaliteten i dei tenestene kommunane har ansvar for, enten det gjeld helse, barnevern, eldreomsorg, barnehage og skule, eller oppgåver innan brannvern og teknisk sektor? Dette er saker som også skaper engasjement. Det såg vi då velferdskvalitet var hovudtemaet for eit fullsett Unio-arrangement under Arendalsveka. I ein heit debatt mellom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet fekk vi tydeleg illustrert at trass i ulike syn på offentleg eller privat drift, var begge einige om at kompetanse og nok folk er aller viktigast for kvaliteten.

På desse felta må partia – både sentralt og lokalt – utfordrast vidare. Vi kan ikkje lite på at media, sentralt og lokalt, toppar slike saker. Både Unio og forbunda har difor ein jobb å gjere i resten av valkampen.

Men vi treng ikkje fortelje medlemmer kva dei skal røyste. Det er dei i stand til å avgjere sjølve. Og heldigvis har vi ein solid medlemsflokk, og godt skolerte tillitsvalde, som veit kvar skoen trykker. Og som kan stille dei nødvendige spørsmåla. Og medverke til at dei viktige kvardagssakene kan trumfe bompengedebatten.

Og til slutt: Heldigvis er det mange som har sagt seg villige å vere folkevalde lokalt. Dei fortener stor ære og takk, uavhengig av parti, for å vere bærebjelkar i demokratiet. Med vitande og vilje stiller dei seg lageleg til for hogg – ikkje minst frå oss i fagrørsla!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv