Unio-leiaren sin replikk:
Frukt og arbeidsmiljø
For nokre dagar sidan høyrdest det ut som om byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen, hadde begynt i fruktbransjen.
Publisert: 31. oktober 2019
«Vi må skille mellom epler og pærer», gjentok han frenetisk i medium etter medium. For dei fleste er det ganske enkelt. Vi både ser og smakar.
Det Raymond Johansen tydelegvis meinte var at å bryte arbeidsmiljølova ofte ikkje er særleg alvorleg. Bakgrunnen var, og er, at det er avdekt at Oslo kommune står for opptil 100 000 brot på arbeidsmiljølova dei siste fire åra. I mange etatar skjer brota på arbeidsmiljølova så ofte at det nærast er normalen. Sjølvsagt er ikkje alle brot like alvorlege og omfattande. Men gjennom sin «eple og pære»-metafor går byrådsleiaren i praksis god for at slike «mindre» brot må vere til å leve med.
Oslo kommune er i ein dobbelt skvis. Dei fleste hugsar Veireno-skandalen. Det politiske skytset, ikkje minst frå det raudgrøne byrådet, var bombetungt. Og med god grunn. Johansen & Co taklar ikkje møtet med seg sjølv i døra.
Bagatelliseringa dei tyr til gir solid ammunisjon til dei som vil kaste vrak på dagens arbeidsmiljølov. Dei har allereie latt høyre frå seg. Eit hovudargument er at vi ikkje kan ha ei lov som stadig fører til tusenvis av brot. Difor må lova moderniserast, eller liberaliserast, som det gjerne heiter.
Samtidig må ein spørje om det er Oslo kommune som ikkje passar for arbeidsmiljølova, eller om det er arbeidsmiljølova som ikkje passar for Oslo kommune.
Så skal det leggast til at Oslo slett ikkje er åleine på denne arenaen. I 2014 fann FAFO 450 000 brot på arbeidsmiljølova i sjukehusa. Då som no vil Spekter-direktør Anne-Kari Bratten ha «storrengjøring» i arbeidsmiljølova. Med tydeleg tale viser ho til «mange hundre tusen brudd på arbeidstidsbestemmelsene» i sjukehusa. (Dagsavisen 29.10.)
Det er reglane om arbeidstid, særleg i område med døgnkontinuerleg aktivitet, som er mest utsett. «Det er ganske vanlig at arbeidstidsbestemmelsene i arbeidsmiljøloven brytes», sa Kristine Nergaard til Nettavisen for litt sidan.
Kanskje hadde Raymond Johansen stått seg på å seie at vi har ikkje råd til å tilsette mange nok til å halde oss innanfor arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova. I alle fall viss det er det som er realiteten.
Eller har det rett og slett utvikla seg ein kultur for at det er ikkje så nøye å halde seg på rett side av lova?
I alle fall, Raymond Johansen og byrådet i Oslo har spelt dårleg i kampen om arbeidsmiljølova. Både i forsvar og angrep. Akkurat som Vålerenga, forresten.