Unio-leiaren sin replikk:
Tabellar og tale
Finansministeren har lagt fram statsbudsjettet. Formelt er det berre eit framlegg. Men i praksis er det nok knapt med rom for endringar i Sigbjørns Johnsens pengeplan. Fleirtalsregjeringa har bukta og begge endane i Stortinget. Og Sigbjørn er henta inn for å stramme til.
Publisert: 5. oktober 2010
Men budsjettdagen er dagen då vi knapt vil vedkjenner oss at det er slik det er. Vi – fagorganisasjonar, interesseorganisasjonar, frivillige organisasjonar – stuper ned i tal og tabellar. Vi studerer pressemeldingar og statsrådtalar – i jakt dels på godsaker og dels på skarpt skyts.
Stortingets vandrehall fyllest av journalistar. Både NRK, TV 2 og andre riggar seg til, og gjer klar for direktesendingar og kommentarar. Reknemeistarane i opposisjonen og i organisasjonane har gjort kalkulatorane klare og mediefolka spissar blyanten og hamrar på tastaturen.
Kampen om å kome til orde – om å få fokus på eigne saker – er tøff. Jakta på spissformuleringar like eins. Jo meir ein kjem til orde, jo større er sjansen for å påverke budsjettet – i det minste budsjettrevisjonen og neste års budsjett.
Vi leitar etter dei slåande replikkane, satsar på medlemsengasjementet – vi skal jo endre budsjettet! Og alle har sitt å seie. Det er ein del av demokratiet i verdas rikaste land. Budsjettdagen er prega både av ritual og realitet, og ikkje så reint lite kaos dei første timane.
Og Sigbjørn understrekar som alltid at han har lagt fram eit fornuftig og ansvarleg budsjett – eigentleg det einaste rette budsjettet. I alle fall viss utgiftene skal haldast nokon lunde i sjakk.
Men sjølv om vi finn manglar, og det gjer vi til gangs – i internasjonal målestokk har regjeringa rett: dette er eit budsjett som viser at det står bra til med og i Noreg.