Unio-leiaren sin replikk:

Forsking – berre tull?

Kunnskapspartiet Høgre avviser forskingsresultat som ikkje passar til eigen ideologi.

Publisert: 6. august 2013

I saka om fedrepermisjon hevdar kvinnepolitisk talsperson Julia Brodtkorb at “forskerne bommer” når dei viser at færre fedre vil ta ut permisjon dersom fordelinga mellom mor og far blir frivillig (Aftenposten 31.7.13) Forsking tyder også på at barn som er fødde etter at pappapermisjonen blei innført fordeler husarbeid meir likt mellom kjønna. Det inneber at det kan bli enklare for kvinner å arbeide fordi mannen tar meir ansvar heime. Dobbel gevinst, altså. Men Høgre trur kanskje ikkje på dette heller?

Julie Brodtkorp avfeiar forskingsresultat ho ikkje likar. I saka om pappaperm har Høgre knapt levert eit einaste godt argument for å fjerne dagens ordning. Her handlar det berre om ein ideologisk kjepphest: Valfridom. Det er ille om dette skal bli brukt til å sette likestillinga i revers.

I denne saka håper Unio at Høgre vil lytte til kloke ord fra NHO-sjefen som uttalte at den såkalla valfridomen i fordelinga av permisjon mellom mor og far bør vike for ei ønska samfunnsutvikling. Og eit meir likestilt arbeidsliv, vil eg legge til.

Om mor og far i realiteten vil oppleve at dei faktisk kan velje fritt i når det gjeld fordeling av permisjonstida, er eit anna spørsmål. Kor som er, det er grunn til å frykte at Høgres reversering heller blir ei tvangstrøye enn meir valfridom.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv