Kultur og kvalitet
Unios konferanse om høgre utdanning blir arrangert denne veka. Denne gongen er hovudtemaet kvalitet i høgre utdanning. «Kultur for kvalitet» er overskrifta både på statsråd Torbjørn Røe Isaksen sitt foredrag og på kvalitetsmeldinga regjeringa la fram for ei stund sidan.
Publisert: 3. april 2017
Debatten trengst, både om kultur og om kvalitet. Begge er omgrep som er meir tøyelege enn eintydige. Likevel – høgre utdanning og forsking er å samanlikne med toppidrett. Vi veit – direkte og indirekte – når vi ser og opplever prestasjonar på høgt nivå.
Dei siste åra har mykje tid og store ressursar i sektoren gått med til prosessar knytt til struktur og samanslåingar. Det politiske målet med samanslåingar og større einingar har vore kvalitet – betre utdanning og betre forsking. Utgangspunktet er at små miljø ikkje kan levere godt nok. Denne haldninga pregar regjeringa sin politikk på ei rekkje område.
Også i kvalitetsmeldinga møter vi denne grunnhaldninga. Men ikkje ein gong statsråden vågar å garantere at sidan vi no har fått færre og større einingar er vi langt på veg sikra kvalitet. Er det brennsikkert at kvalitetskulturen blir betre dess større einingane blir? Det er heller ikkje sikkert at fraser som «Vi må organisere oss betre» er snarvegen til kvalitet – verken for studentar eller for tilsette.
Ingen veit heilt sikkert kva vi vil trenge av utdanning i framtida. Det vi veit er at det alltid vil vere spenning mellom ulike behov, mellom tradisjon og fornying. Vi vil trenge teknologi og digital kompetanse og rikeleg med omstillingsevne. Men vi vil også trenge stabilitet gjennom evne til kritisk refleksjon, og evne til å sjå samfunnsutviklinga i samanheng. Vi må ikkje bli så endringsivrige og digitaliseringshekta at vi taper desse kunnskapane og verdiane av syne. Dessutan – god fagkunnskap vil ikkje gå av moten!
Det breie mandatet til universiteta og høgskulane med vektlegging på forsking, danning og det å vere eit kritisk korrektiv, er både ein viktig del av kvaliteten på sjølve utdanningane og eit viktig fundament for godt utdanna yrkesutøvarar.
For mange profesjonsutdanningar er det opplagt at kvalitet og fagleg utvikling skjer i skjeringspunktet mellom praksis og akademia. Yrkesfeltet åleine kan ikkje definere kva som skal vere kunnskapsinnhaldet i profesjonsutdanningane. Men heller ikkje akademia kan utvikle relevante fagtilbod utan kontakt med praksisfeltet. Kvalitet er avhengig av samspel mellom teori og praksis, mellom høgre utdanning og yrkesutøving.