Unio-leiaren sin replikk:

Rørande omsorg for dei uorganiserte

Tariffoppgjeret i staten enda opp med to ulike tariffavtalar. Ein for LO stat og YS stat, og ein for Unio og Akademikerne. Det likar ikkje LO og heller ikkje venstresida på Stortinget. Greitt nok. Det mest paradoksale er den rørande omsorga desse partia og LO no viser for dei uorganiserte. Dette går mellom anna fram av innstillinga frå kommunalkomiteen.

Publisert: 13. juni 2022

Det er bra at politikarane på Stortinget viser interesse for andre lønningar enn sine eigne. Stortinget har det overordna ansvaret for offentlege tenester. Indirekte har dei dermed også ansvaret for at desse tenestene blir utførde av folk med rette kvalifikasjonar. Ofte handlar det om lønnsnivå. I slike samanhengar pleier stortingspolitikarar flest å vere påpasselege med å seie at lønnsforhandlingar er partane sitt ansvar.

Det er likevel tradisjon for at tariffoppgjeret i staten blir lagt fram for Stortinget. Dette handlar først og fremst om at det skal innarbeidast i budsjettet. Hovudtariffavtalane er difor i prinsippet ikkje bindande for arbeidsgjevar før Stortinget har gitt sitt formelle samtykke. Det vil derimot vere ein sensasjon om Stortinget skulle gripe inn i realitetane i framforhandla avtalar, og konsekvensane av desse. Enkelte av forslaga i komiteen balanserer i så måte på ein knivsegg. Det gjeld mellom anna forslag knytt til behandling av dei uorganiserte.

Staten som forhandlingspart legg til grunn at lønnsmassen for dei uorganiserte skal følgje den største tariffavtalen i verksemda. Dette er ei endring frå tidlegare praksis der dei uorganiserte følgde største avtalen i staten, som var LO, Unio og YS sin. Unio og Akademikerne sin avtale er no størst, men skilnaden er mindre enn tidlegare. Ap, Sp, SV og Raudt fryktar at den nye ordninga skal gå utover dei uorganiserte. Sjølv om dei mislikar ordninga med meir enn ein tariffavtale, er det mildt sagt spesielt å heise fana på vegne av dei uorganiserte. Desse representantane vil ha fire likelydande avtalar. Det går godt an å argumentere for at det er «best», i alle fall mest praktisk. Men i det minste burde representantane stille seg spørsmål om kvifor også Unio har gått inn for ei ny avtaleordning! Ikkje minst bør staten som arbeidsgjevar stille seg dette spørsmålet. Kanskje er svaret at det reelt sett har vore svake sider ved den tradisjonelle ordninga?

Debatten om dei uorganiserte er like gammal som tariffavtalane. Kva for rettar skal dei uorganiserte ha når dei ikkje vil vere ein del av forhandlingsfellesskapet? Det har vore forslag om at uorganiserte skal betale ei tariffavgift. Konklusjonen så langt har vore, også i staten, at det har vore arbeidsgjevar sitt ansvar å ivareta alle tilsette.

I gamle dagar, før krigen, forhandla organisasjonane i realiteten med Stortinget. Den gongen var det ikkje reelle tariffavtalar i staten. Frå og med «forhandlingslova» frå 1933 skulle forhandlingane i prinsippet avgjerast av partane – forhandlingssamanslutningane på den eine sida og Finansdepartementet på den andre. Resultatet skulle leggast fram for Stortinget. Men Stortinget greidde ikkje alltid å «halde fingrane frå fatet», og det hende seg at det framforhandla resultatet blei endra. Det skapte sjølvsagt uro.

Forhandlingssystemet i etterkrigstida var også nokså kaotisk. Det blei oppretta fleire lønnskomitear, og det var heftige lønnsdebattar i Stortinget. Fram til 1958 var det i prinsippet Stortinget som fastsette lønns- og arbeidsvilkåra for dei tilsette i staten, rett nok i basert på framforhandla avtalar. Først med tenestetvistlova frå 1958 blei lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i bindande tariffavtalar mellom staten og hovudsamanslutningane. Dette var ei ordning alle partar stilte seg bak.

Også etter at denne ordninga kom på plass skulle tariffresultatet leggast fram for Stortinget «til samtykke». Men det har aldri vore reist tvil om kven som forhandlar og kven som «eig» tariffavtalane. Eg reknar med at det ligg fast også etter at Stortinget har gitt sitt samtykke til årets tariffoppgjer i staten.

Kva medlemmer seier i uravrøysting, er ei anna sak. Då er det forresten berre dei fagorganiserte som blir spurde. Ikkje dei uorganiserte.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv