Unio-leiaren sin replikk:
Bra, Erna
Statsminister Erna Solberg innleier nyåret med å understreke kor viktig kunnskap er. Det er ikkje noko nytt, sjølvsagt er kunnskap viktig. Men statsministeren fortener ros når ho så tydeleg understrekar kor viktig kunnskap er for politikkutforming og utvikling på viktige område..
Publisert: 6. januar 2015
Eg vil trekkje fram tre område Erna har fokusert på:
1. ”Kunnskap kan være vårt viktigste våpen mot hat, vold og ekstremisme”, sa Erna Solberg då ho nyleg lanserte eit nytt informasjonssenter for 22.juli tragedien. Dette skjedde samstundes med at regjeringa varsla forsterka innsats på forsking om høgreekstremisme. Det trengst, og har vore etterlyst. No kjem det.
2. Statsministerens sterke engasjement for global satsing på jenter og utdanning, er velkjent. Men Erna Solberg har den siste tida vore ekstra tydeleg på Norges rolle og ansvar, også økonomisk, på dette feltet. Vi høyrde det i samband med fredsprisutdelinga, i nyttårstalen, og i andre samanhengar.
Her skaper Erna forventningar. Forventningar med dimensjonar som strekkjer seg langt utover vår heimlege debatt om skattejusteringar og kommunegrenser. Eg håper difor at vi får sjå Erna og Noreg i front for ei global utdanningssatsing, særleg retta mot jenter. Og der FN og andre internasjonale organisasjonar lar seg inspirere av Erna.
3. I nyttårstalen varsla statsminsiteren ein forsterka klimapolitikk. Det var nødvendig. Både regjeringserklæringa og budsjettet kunne så tvil om styrken i regjeringa sitt klimaengasjement. Slik eg høyrer Erna satsar ho på ein kunnskapsbasert omstillingspolitikk, både retta mot klimatiltak og mot etablering av nye grøne arbeidsplassar, både heime og ute. Det er lovande.
Så spørst det – korleis blir vegen frå ord til handling, frå politikk til praksis?