Psykososialt arbeidsmiljø – Unio i front

Arbeidsmiljøet på dei fleste norske arbeidsplassar er jamt over godt. Trivselen er høg. Men på eitt område har vi forsømt oss. Det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet heng etter. Regelverket er for lite konkret både når det gjeld førebygging og oppfølging. Det rammar mange av Unios medlemmer. Difor går Unio i front for å ruste opp denne delen av arbeidsmiljøpolitikken.
Publisert: 23. mars 2022
Av Unio-leiar Ragnhild Lied
Foto: Unio / Helene Moe Slinning
Både Danmark og Sverige har dei siste åra vore meir offensive på dette området enn Noreg. Danmark er lengst framme når det gjeld lovregulering. No har den svenske arbeidsministeren varsla ei ny utgreiing om arbeidsmiljøet. I grunnlaget heiter det mellom anna at gjeldande lov gir betre vern mot ulykker i industrien enn i arbeidsrelaterte sjukdomar i teneste- og velferdssektoren. Søkelyset blir særskilt retta mot arbeidsmiljøet i kvinnedominerte yrke.
Dette arbeidet er i høgste grad relevant for norsk arbeidsliv. Også her har industrien sine behov slenge stått fremst. Regjeringa har varsla storreingjering i arbeidslivet, men har dessverre ikkje fanga opp behovet for å styrke det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet. I alle fall ikkje i første omgang. Men det er ikkje for seint. Både arbeidsmiljølova og det praktiske HMS-arbeidet må forbetrast på dette området.
Det er litt underleg at Noreg har tapt terreng når det gjeld psykososialt arbeidsmiljø. Fleire fagmiljø var opptekne av dette på 1970-talet, og Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) var ein sentral arena for dette temaet. No må desse spørsmåla høgare på dagsordenen. Fleire fagmiljø, både AFI og SINTEF til dømes, forvaltar også i dag mykje kunnskap ein kan dra nytte av i eit nødvendig forbetringsarbeid.
Også under arbeidet med gjeldande IA-avtale arbeidde Unio for å løfte fram det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet. Ikkje minst som ledd i det førebyggande arbeidet. Vi lukkast eit stykke på veg, og særleg i bransjeavtalene har dette fått ein sikker plass. Dessverre har pandemien forseinka dette arbeidet. Samstundes har pandemien til fulle vist kor viktig arbeidsmiljøet generelt er, og ikkje minst kor viktig det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet er.
Mange av Unios medlemmer melder om mangel på tid og ressursar som negativt for arbeidsmiljøet. Når mange i tillegg rapporterer om overstyring, dårleg organisering og at det faglege skjønnet til tider blir sett til sides, snakkar vi om eit helsefarleg arbeidsmiljø. I så måte kan ein seie at New Public Management rett og slett er eit trugsmål mot arbeidsmiljøet og arbeidshelsa. Regjeringa har varsla ei tillitsreform i offentleg sektor. Arbeidet er i startfasen. Forhåpentlegvis vil resultatet også vere positivt for arbeidsmiljøet på offentlege arbeidsplassar.
Uavhengig av dette, vil Unio forsterke arbeidet med å betre det psykososiale og organisatoriske miljøet. Både arbeidsmiljøet, tilhøyrande forskrifter og HMS-arbeidet må styrkast. Difor er det positivt at Arbeidstilsynet no varslar at dei vil ta initiativ til å trappe opp aktiviteten på dette feltet.