Unio raskt på ballen

Både Anders Folkestad og Egil Olsen skreiv i 2012 under på kampanjen i regi av ITUC for å presse styresmaktene i Qatar til å betre arbeidsforholda for arbeidarane i landet.
Unio var blant dei første organisasjonane i ITUC som kravde tiltak retta mot FIFAs vedtak frå 2010 om å arrangere fotball-VM i Qatar.
Publisert: 31. mai 2019
Unio brukte posisjonen sin som medlem i ITUCs General Council (representantskap) til å påverke leiinga til å lage ein kampanje retta både mot FIFA (det internasjonale fotballforbundet) og opinionen. Dette var tema i mange møte frå 2011 og utover.
Målet var å få flytta arrangementet, eller å oppnå klare forbetringar for arbeidsfolk i Qatar. Samstundes har LO arbeidd gjennom Den internasjonale bygningsarbeidarføderasjonen BTI, der Unio ikkje har medlemmer.
Parallelt med dette engasjerte Unio seg i kampanjen «Play Fair», som starta opp i 2008. Denne kampanjen retta søkelyset mot heile produksjonskjeda bak dei olympiske leikane, men også andre internasjonale idrettsarrangement. Utgangspunktet var at dei store idrettsarrangementa var og er langt frå pallen når det gjeld anstendig arbeid: «No Medals for the Olympics on Labour Rights», var bodskapen.
Ballen er i spel. Men trass i høgt press – kampen er ikkje vunnen, men heller ikkje avslutta!