Globaliseringa skaper sinne

I stadig større grad blir arbeidsvilkåra heime påverka av det som skjer på bortebane, meiner Unio-leiar Ragnhild Lied.

Når til og med OECD seier at «sinnet mot globaliseringa har sine årsaker i reelle problem», er det på tide å endre kurs. Nokre få haustar store gevinstar. Altfor mange taper.

Publisert: 31. mai 2019

Av Unio-leiar Ragnhild Lied

OECD peikar mellom anna på at veksande skilnader mellom folk ikkje berre er urettferdig: Det er beint fram skadeleg både for produktivitet, vekst og velferd. I tillegg er det ein hemsko for utviklinga av kunnskapssamfunnet. og for handel over landegrenser.

Det er opplagt ei viktig oppgåve for fagrørsla – nasjonalt og internasjonalt – å arbeide for anstendige arbeidsvilkår og for ei meir rettferdig fordeling.

Då Unio blei danna i 2001 var eitt av måla å bli ein aktiv medspelar i det internasjonale fagforeiningsarbeidet. Det tok både tid og strid for å kome dit – men det gjekk. No er Unio medlem i dei viktigaste internasjonale organisasjonane, og er aktiv på ei rekkje arenaer.

– Vi har nok av oppgåver her heime. – Du må prioritere medlemmene sine behov, og ikkje bruke pengar på reiser og middagar i framande land. – Dessutan klarer ikkje Unio å endre verda. Eg har møtt slike og liknande kommentarar, og medlemmer som har vore skeptiske til at Unio bruker ressursar internasjonalt.

Eg kan forstå at medlemmer først ser på det nære og på sin eigen situasjon. Men i stadig større grad blir arbeidsvilkåra heime påverka av det som skjer på bortebane. Sjølvsagt må aktiviteten tilpassast Unios ressursar og strenge prioriteringar av oppgåver.

Men vi bryr oss, og vi deltar internasjonalt både for å gjere og for å lære. Eit kjenneteikn på godt fagforeiningsarbeid er evne og vilje til å sjå utover eigne rekkjer. Solidariteten stoppar ikkje ved landegrenser.

I aukande grad får vi ein global arbeidsmarknad. Den teknologiske utviklinga og digitaliseringa forsterkar denne utviklinga. I EU er fri flyt av varer, tenester, personar og kapital sjølve idegrunnlaget. I kjølvatnet av dette ser vi press på arbeidsvilkår, og faren for sosial dumping smittar frå land til land.

Mindre enn 10 prosent av den globale arbeidsstyrken er fagorganisert. Berre det i seg sjølv er argument for å delta internasjonalt, for på den måten å medverke til at fleire organiserer seg, at fleire blir sterkare saman. Målet er anstendige levekår og arbeidsvilkår, og at verdiar bli meir rettferdig fordelte.

Internasjonalt arbeid er slett ikkje turisme. Det er godt og nødvendig fagforeiningsarbeid. Rett nok utan streikerett. Kampmidla er kunnskap og engasjement – og samarbeid.

Det kan Unio stille opp med.