Fotball-VM i Qatar 2022: – Burde ha vore stoppa

Qatar er i full gang med å bygge stadionene til fotball-VM i 2022. Khalifa stadion i Doha skal rustes opp. Myndighetene i landet har fått kritikk for manglende sikkerhet på byggeplassene. Bildet er tatt under en omvisning ifm. AIPS-kongressen i 2016. Foto: Magnus Aabech / NTB scanpix

Då FIFA i 2010 bestemte at fotball-VM i 2022 skulle arrangerast i Qatar, reagerte den internasjonale fagrørsla skarpt. Arbeidarane i Qatar er arbeidsgjevarane sin eigedom, dei er slavar. Fagrørsla har pressa Qatar til å endre slavetilstandane. Men situasjonen er framleis ille.

Publisert: 31. mai 2019

Av Anders Folkestad

Qatar er eit land med elendige arbeidsvilkår, særleg for «gjestearbeidarar». Arbeidsgjevarane kontrollerer det meste – alt frå lønn, til pass og ID-kort. Dei kan til dømes nekte arbeidarane både å forlate landet og å skifte jobb. Utan ID-kort er arbeidarane fritt vilt, og kan fengslast. Dette blir kalla «kafala»-systemet. Arbeidarane er i praksis arbeidsgjevarane sin eigedom. Dei er fanga i ei felle, regelrett moderne slaveri.

At FIFA valde Qatar som arrangørland sjokkerte store delar av idrettsverda. Reaksjonane var skarpe frå mange hald. «Raudt kort til FIFA», var ein av dei første reaksjonane frå den internasjonale fagrørsla (ITUC). Ein frykta at dette ville føre til ein straum av arbeidsinnvandrar, og til drepande arbeidsforhold. Det har slått til.

Men det kom også andre reaksjonar. Somme frykta først og fremst at spelarane skulle smelte bort. Gjennomsnittstemperaturen i Qatar om sommaren er rundt 40 grader. FIFA hadde tydelegvis verken tenkt på manglande arbeidstakarrettar eller på gloande varme. Det viste seg å vere enklare å bøte på temperaturen enn på arbeidsvilkåra. Til slutt blei VM flytta frå sommaren til vinteren. Somme av kampane skal likevel spelast innadørs, med svære aircondition-anlegg.

Det er forventa at bygging av fotballanlegg og utbetring av infrastruktur vil koste mellom 400 og 450 milliardar kroner. Men det er ikkje pengar som manglar i Qatar. Pengane har tvert imot vore tiltrekkande for dei korrupte kreftene i FIFA.

Qatar er eit lite land, 11 437 km2, litt større enn Kautokeino kommune. Landet har om lag 850 000 faste innbyggarar. Men talet på framandarbeidarar er minst like stort eller større, kanskje opptil 1,5 millionar. Både menneskerettar og arbeidstakarrettar er på eit nullpunkt. Det same gjeld likestilling.

Allereie i 2013 blei det berekna at minst 4000 gjestearbeidarar (ITUCs tal) ville miste livet før første avspark i VM. Somme anslag har vore endå høgare, opp til 9000, basert på eit gjennomsnitt på 900 døde per år. HMS er eit framandord, og arbeidstilsyn fanst ikkje då landet fekk tildelt fotball-VM. Gjestearbeidarar som er så heldige at dei får lov til å reise heim, må betale eit depositum på meir enn ei årslønn. Slik blir dei pressa til å komme tilbake.

Store, internasjonale idrettsarrangement er ein risikosport. Svære anlegg skal byggast på kort tid. I tilknyting til Sotsji-OL døydde 60 arbeidarar, for OL i Athen 2004 var talet 40. Men Qatar-VM blir det aller verste.

Mange ITUC-møte med styresmaktene i Qatar førde i første omgang ikkje fram. Etter kvart blei det i det minste lovd kontroll og forbetring. Men resultata var magre. FIFA hadde makt til å krevje endringar, men gjorde lite dei første åra. Og då FIFA, trass i kritikken, heldt fast på Qatar som arrangør, ga dei samtidig frå seg eit viktig pressmiddel. Då visste Qatar at her var det berre å ture fram som før.

Fagrørsla endra då strategi. Kravet var at FIFA måtte reformerast. Både Unio og andre organisasjonar i ITUC dreiv aktivt påverknadsarbeid, både overfor nasjonale fotballforbund og politikarar. I denne kampanjen stod ikkje fagrørsla åleine. Internt i fotballrørsla og i opinionen auka presset mot FIFA. Men det var særleg då multinasjonale selskap som Coca Cola og Visa stilte seg bak presset mot FIFA, og truga med å kutte i reklamekroner, at ballen begynte å rulle.

Etter FIFA-kongressen i 2016 endra spelet seg. Sepp Blatter måtte trekke seg som FIFA-president på grunn av klager om korrupsjon. Den nye presidenten, Gianni Infantino, har ikkje akkurat reformert FIFA, slik han lovde. Men han tok likevel raskt grep overfor Qatar. Han oppretta eit overvakingsorgan som skulle overvake arbeidsforholda under anleggsarbeida. I tillegg forsikra han at FIFA skulle medverke til standardkrav i tråd med internasjonale reglar og konvensjonar. Brot på desse skulle straffast.

ITUC hadde i 2014 levert ei omfattande klage til ILO over forholda knytt til Qatar-VM. Denne tok det tid å behandla. Men saman med prosessen i FIFA auka dette presset på styresmaktene i Qatar.

Presset blei etter kvar så tungt at Qatar måtte gi etter. Dei lovde å rydde opp, fjerne kafala-systemet, og å etterleve internasjonale standardkrav. Dei skulle etablere reglar for minstelønn, tillitsvaldordningar og klageordningar for arbeidsmiljø.

«Gjennom dette har Qatar sett ein ny standard for Golf-statane, og det moderne slaveriet er i ferd med å bli avskaffa», sa generalsekretær Sharan Burrow i ITUC i 2017.

Høgt og vedvarande press hadde med andre ord gitt resultat. Eller rettare; forholda ville ha vore endå verre utan dette presset.

Ein delegasjon av nordiske fotballforbund og nordiske LO-forbund var i Qatar i starten av 2019. Nestleiar i Fellesforbundet, Steinar Krogstad, uttalte då til NRK at dei var «forferdet etter VM-besøk».

Alt tyder på at situasjonen i Qatar framleis er ille. Framleis arbeider hundretusenvis av arbeidarar under livsfarlege forhold. Og endå er det lenge til forball-VM i 2022. Kor mange som vil ha mist livet eller vere skadde for livet når avspark blir tatt, veit ingen. Men det er altfor mange.

Difor er det vanskeleg på gle seg til dette arrangementet. Det burde ha vore stoppa.

Og på toppen av det heile: VM i friidrett i 2019 går også i Qatar!

Det dårlege gangsynet i leiinga i den internasjonal toppidretten er rett og slett farleg for arbeidsfolk.