Unio – på heimebane og bortebane

Mennesker er ikke legoklosser som man bare kan bygge som man vil med. Foto: Hedvig Bjørgum / Unio
Med slagordet «America First» har president Trump skapt ein ny debatt om forholdet mellom nasjonalstaten og det internasjonale samfunnet. Han har grunngitt prioriteringa si mellom anna med omsynet til amerikanske arbeidsplassar og amerikanske arbeidstakarar. Han ser på internasjonalt handelssamarbeid som eit trugsmål, og har proteksjonisme som strategi. Trump er ikkje åleine om slike synspunkt. Dette utfordrar fagrørsla, både nasjonalt og internasjonalt. Unio sin strategi er å spele både på heimebane og på bortebane.
Publisert: 31. mai 2019
Gjennom medlemskap i den nordiske, den europeiske og den globale hovudorganisasjonen møter Unio både tillitsvalde og kollegaer frå andre land. Kunnskap og erfaringar frå desse arenaene er nyttige når politikk skal utformast på heimebane. I tillegg ser vi at mange av kollegaene våre er interesserte i kunnskapen vår. Mange er interesserte i norske erfaringar og arbeidsmåtar, særleg trepartssamarbeidet.
Frykta for handelskrig, og for konsekvensane av til dømes Brexit, slår inn i den globale økonomien. Det skaper ringverknader for arbeidsmarknaden, både internasjonalt og lokalt. Her til lands har dette ført til forsterka debatt om forholdet til EU, og ikkje minst til debatt om EØS-avtalen.
Globaliseringa knyter arbeidslivet saman på tvers av landegrenser. Internasjonale utviklingstrekk i økonomi og politikk spreier seg raskt. Behovet for å finne internasjonale løysingar for å sikre arbeidstakarane sine vilkår har blitt større. Det same er tilfelle når det gjeld kamp mot svart økonomi, sosial dumping, korrupsjon og skattesnyteri. Ein føresetnad for å lukkast, er rettferdige handelsavtalar som tar vare på arbeidstakarrettar og menneskerettar.
Krig, humanitære kriser og klimaendringar fører til fattigdom, og driv folk på flukt. Dette skaper utfordringar knytte til utdanning, helse, likestilling, barnearbeid og beredskap – både internasjonalt og nasjonalt. Til dette trengst internasjonalt samarbeid og internasjonale avtalar. Det er opplagt at FN sine berekraftsmål ikkje kan nåast utan internasjonalt samarbeid.
Difor er det viktig at fagrørsla finst med styrke, både nasjonalt og internasjonalt. Ikkje minst gjeld dette for Noreg, som har ein liten og open økonomi. Difor har Unio tatt ei aktiv rolle i den internasjonale fagrørsla. Vi spelar både på heimebane og på bortebane. Det gjer vi både for å ivareta eigne medlemmer, og for å støtte fagforeiningskollegaer i andre land.