Ytringsfridom skal det vere

«Vi er heldige som bur i Noreg.» Dette er ei utsegn vi stadig høyrer, og med god grunn. Ofte handlar dette om økonomi, natur og velferdsordningar. Men det er også knytt til verdiar som demokrati, samfunnstillit, og ikkje minst om retten til å ytre seg fritt. Ytringsfridomen er gull verdt, både for individet og samfunnet, og ikkje minst for arbeidslivet.
Publisert: 29. november 2021
Av Unio-leiar Ragnhild Lied
Foto: Unio / Helene Moe Slinning
«Ytringsfridom skal det vere», lyder overskrifta til § 100 i Grunnlova. Vidare heiter det mellom anna at «alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anne emne som helst». Det er gjerne når vi høyrer om situasjonen i ein del andre regime, der vilkåra for å ytre seg er langt strengare, at vi skjønar kor stor verdi som ligg i ytringsfridomen.
Rett nok finst det grenser for ytringsfridomen. Det er mellom anna forbod mot å sette fram trugsmål, diskriminerande og hatefulle utsegner. I arbeidslivet set lojalitetsplikta overfor arbeidsgjevar visse grenser for korleis ein kan ytre seg. Sjølv om ytringsfridomen er forankra både i Grunnlova, anna lovverk og i internasjonale konvensjonar, ser vi rett som det er døme på at retten til å ytre seg er under press, også her til lands.
Sosiale medium er ein kanal som er open og tilgjengeleg for dei fleste. Dermed kan fleire kjem til orde. Paradokset er at ytringsklimaet i somme medium har blitt så hardt og brutalt, ofte med usaklege personangrep, at somme trekkjer seg vekk frå diskusjonen. Vi ha mange døme på at folkevalde, og andre tillitsvalde, nærast blir skremde frå både å delta i samfunnsdebatten og å ta på seg verv. Mangel på folkeskikk og dårleg nettvett kan altså bli eit trugsmål mot ein god ytringskultur.
Dette er noko av bakgrunnen for at Solberg-regjeringa oppnemnde to utval som skal vurdere vilkåra for ytringsfridomen. Dette er i seg sjølv uttrykk for at ytringsklimaet må haldast ved like, og vere på høgd både med den teknologiske utviklinga og samfunnsutviklinga. Men det er også eit varsel om at ytringsfridomen er truga frå fleire hald.
Arbeidslivet skal vere ein trygg arena for å ytre seg. Dessverre ser vi tendensar, både synlege og usynlege, til innstrammingar, særleg i offentleg sektor. For ofte ser vi at tilsette kjem i klemme mellom ytringar og lojalitet. Managementstyringa har for lenge sidan gjort sitt inntog i det offentlege. Toppstyring med vekt på omdømmebygging kan direkte og indirekte kome i strid med ytringsideala. Kritiske ytringar om etaten eller arbeidsplassen blir lett oppfatta som illojalt og som «rusk i maskineriet». Det er i så fall uakseptabelt, og i direkte strid med Grunnlova.
I denne utgåva av Unio Perspektiv får vi innspel frå fleire aktørar, som drøftar vilkåra for ytringsfridom på ulike samfunnsområde. Vi har særleg bedd om synspunkt på ytringsvilkåra i akademia.
Unio har engasjert seg sterkt for å styrke varslingsvernet. På same måte skal vi som organisasjon medverke til gode ytringsvilkår. Dette er to sider av same sak, nemleg å «seie frå». Men dei bør ikkje utan vidare blandast saman. Varslingsinstituttet er forankra i arbeidsmiljølova, ytringsfridomen i Grunnlova.
Dei tillitsvalde har ei viktig rolle i å ivareta medlemmene enten det handlar om varsling eller om retten til å ytre seg om andre forhold knytt til arbeidsplassen. Fagorganisasjonane og dei tillitsvalde må vere tydelege vere vaktbikkjer for det frie ordet.