Frå sidelina: Kva skjer med ytringsklimaet i akademia?

Eg stussa då Solberg-regjeringa oppnemnde ei ekspertgruppe som skal vurdere vilkåra for ytringsvilkåra i akademia. Dette skjedde ikkje lenge etter at regjeringa hadde oppnemnt den store ytringsfridomskommisjonen, som skal sjå på rammene for ytringsfridom i samfunnet. Treng verkeleg kunnskapens høgborg, forankra i den akademiske fridomen, ei ekspertgruppe til å vurdere vilkåra for sin eigen ytringsfridomen?
Publisert: 29. november 2021
Av Anders Folkestad
Foto: Unio
I Kunnskapens hus finn vi dei best utdanna, som sjølve stadig framhevar kor viktige samfunnsmandat og store oppgåver dei har. Nettopp her skulle ein tru at ein finn dei beste vilkåra for kritisk tenking og frie ytringar.
Kanskje takhøgda likevel ikkje er slik ein skulle tru? Det vitnar ikkje akkurat om eit sunt ytringsklima når ein nyleg rapport frå ISF viser at 14 prosent av dei som har svart seier at dei har innskrenka forskingsformidlinga av omsyn til arbeidsgjevar. Endå meir alvorleg er det at 12 prosent har lagt band på seg fordi dei er redde for hets og kritikk
Tre forhold peikar seg ut som hemmande for ytringsfridomen. Det eine er den hyppige bruken av mellombelse stillingar. Er stillingsvilkåra utrygge, opplever ein lettare at det kan vere utrygt å ytre seg kritisk. Det andre er at ulike sider ved finansieringsordningane kan dra i same retning. Universiteta driv oppdragsforsking og konkurrerer om prosjekt. På toppen av dette ser det til at også universiteta er ramma av omdømme-viruset. Dermed blir det skapt forventningar om at «alle» har ansvar for at eigen institusjon står fram som god og attraktiv i konkurranse om både studentar og prestisje. Men det er neppe heile forklaringa på at rommet for frie ytringar har blitt for trongt.
At somme blir skremde av den brutale hetsinga på sosiale medium er lett å forstå. Ikkje alle er like hardhuda, sjølv om dei er sterke fagfolk. Det er lov å dumme seg ut, også i Akademia. Det gjorde rektor Curt Rice då han gjekk til åtak på Cecilie Hellestveit fordi ho stilte nokre spørsmål ved konsekvensane av at eit aukande tal utanlandske forskarar blir rekrutterte til norske forskingsinstitusjonar. Rektoren prøvde rett og slett å innskrenke ytringsfridomen til ein forskar. I ettertid beklaga han, i alle fall delvis. Men han var ikkje den einaste som kritiserte skarpt.
I ettertid har det også kome fram at det juridiske fakultetet ved UiO helst ville at ho skulle kansellere ei avtalt forelesing, av frykt for reaksjonar frå kollegaer, studentar og andre. Sjølvsagt er det lov å ta til motmæle mot Hellestveit, og argumentere mot synspunkta hennar. Men når det frå professorhald blir sagt at ho aldri ville ha fått jobb ved noko universitet, er det å gå over streken. Jobbnekt som straff for ei ytring, er vel neppe eit akademisk resonnement? I eit innlegg i DN (22.10.21) skriv Anine Kierulf at ein professorkollega i fullt alvor bad ho vurdere om «Hellestveits xenofobe utsagn falt inn under straffelovens forbod mot hatefulle ytringer».
Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger hausta storm då han sa ja til å halde eit foredrag for Klimarealistane. Han burde halde seg langt unna, var meldingane. Stormen stilna visst då rektoren brukte talen til å riste kraftig i klimarealistane. Viss han ikkje hadde gjort det, eller vore mildare i kritikken – kva då? Meinte kritikarane i fullt alvor at retten til å ytre seg – også med kontroversielle synspunkt – skulle innskrenkast?
Desse døma er neppe representative verken for akademia eller professorar. Men ein kan likevel undre seg: Kva er det som skjer i og med akademia? Må ein vere så politisk korrekt at det minste avvik – for ikkje å seie alternative syn, er risikabelt. I så fall for kven?
Spørsmålet er også aktuelt i den såkalla Eikrem-saka ved NTNU. Der har leiinga vedtatt å sparke førsteamanuensis Øyvind Eikrem, visst nok for å ha ytra seg i høgreorienterte medium. Somme kollegaer og studentar mislikar dette, og han blir skulda for å ha kome med hatefulle ytringar. Saka har gått føre seg over månader og år, og har kosta universitetet tre millionar kroner i advokatutgifter. Kva som blir det endelege utfallet, er usikkert.
Anine Kierulf, som leier ekspertgruppa, sa til Khrono for ei stund sidan at det er mangel på kunnskap om kva for fridom vi har. Dette gjeld både på leiarnivå, og blant tilsette i arbeidslivet og i akademia. Ho viste også til det ho kalla «den kollegiale småligheten» i akademia der ein trakkar på kvarandre i staden for å bygge kvarandre opp.
Då tidlegare statsråd Henrik Asheim oppnemnde ekspertgruppa om ytringskultur i akademia uttalte han at «kanselleringskultur og politisk korrekthet er noe av det han frykter skal innta norske universitetet og høyskoler». Før det hadde det danske Folketinget vedtatt ei oppmoding til universiteta at «selvreguleringen av den videnskabelige praksis må fungere. Det vil sige at der ikke forekommer ensretting, at politik ikke forklædes som videnskab…».
At både Asheim og Folketinget provoserer mange, er forståeleg. Men det verkar som at somme akademiske miljø bør bruke provokasjonane til å rydde litt i eige reir.