Litt fagforeiningshistorie: «Hensynsløse fagforeninger»

Frå «fyrstikkpikene» sin streik i oktober 1889 ved fyrstikkfabrikkane på Bryn og Grønvold i Christiania. Streiken førte til at dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane ved desse fabrikkane danna sin eigen fagforeining, De kvindelige Fyrstikarbeideres Forening, same månad. Foto: Ukjent / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
«Landets mektigste og mest hensynsløse fagforening er verken Jern og metall eller Arbeidsmandsforbundet, men Den Norske Lægeforening.» Slik kommenterte ein illsint minister, seinare statsminister, Gunnar Knudsen, ein konflikt med legane tidleg på 1900-talet. Så skal det leggast til at Gunnar Knudsen, politikaren, venstremannen, reiaren og industribyggaren, var ein ihuga motstandar av fagforeiningar. Det var ikkje berre legane han irriterte seg over.
Publisert: 20. september 2019
Av Anders Folkestad
Framveksten av fagforeiningar i Noreg starta dei siste tiåra av 1800-talet. Inspirasjonen kom frå Europa, særleg frå England. Typografane var tidleg ute, og allereie 1872 var det ein typografstreik i Christiana. Den første fagforeininga i offentleg sektor var Christiania Postbudforening, stifta i 1881.
Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon, som i 1957 skifta namn til LO, blei etablert i 1899, og året etter kom arbeidsgjevarane sin hovudorganisasjon, Norsk Arbeidsgiverforening, forløparen til NHO.
Arbeidarorganisasjonane som blei etablerte på denne tida var «kamporganisasjonar», med arbeidsgjevarane som motstandarar.
Også fleire utdannings- og profesjonsorganisasjonar blei etablerte på denne tida. Mellom desse var lektorane og lærarane sin organisasjonar, begge stifta i 1892. Desse, som er røtene til Utdanningsforbundet, var knappast fagforeiningar i klassisk forstand. I alle fall ikkje dei første åra. Dei såg seg sjølve som nasjonsbyggarar, tett knytte til styresmaktene gjennom «Venstrestaten». Slik var det også med universitetslærarane og prestane. Då Norsk Sjukepleiarforbund (NSF) blei stifta i 1912, var det utdanning og profesjonsvern som stod på dagordenen, ikkje lønn.
Inngangen til 1900-talet blei prega av at fleire organiserte seg, både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Dette førte fram til at stadig fleire tariffavtalar blei inngått, i aukande grad som sentrale og landsdekkande avtalar. Parallelt med dette vaks det fram lovreguleringar i arbeidslivet, og den første riksmeklaren kom i sving i 1916.
Etter harde stridar og streikar på 30-talet, røykte LO og NHO fredspipe. Hovudavtalen i privat sektor blei etablert i 1935, og har danna mønster for ei rekkje andre hovudavtalar, også i offentleg sektor. Hovudavtalane er viktige for trepartssamarbeidet.
Grunnelementet i det kollektive arbeidslivet er likevel tariffavtalen. Sett frå arbeidstakarsida kan vi grovt seie at tariffavtalen har to formål: å innskrenke arbeidsgjevars styringsrett, og å regulere marknaden.
Eit organisert, kollektivt arbeidsliv er ein føresetnad for å inngå tariffavtalar. Enkeltpersonar kan inngå arbeidsavtalar, men ikkje tariffavtalar.
Til tariffavtalane er det knytt både fredsplikt og rett til arbeidskamp. Enkelt sagt er det når tariffrevisjonar mislukkast at ein kan ty til arbeidskamp. Det er ein regulert stridssituasjon, eit av dei få områda i det moderne samfunnet der det er legitimt å slåst for eigne vilkår og å skade motparten – både når det gjeld økonomi og omdømme.
Utdanningsorganisasjonane styrka seg særleg i etterkrigstida. Medlemstalet voks i takt med aukande satsing på utdanning. Etter kvart blei også desse organisasjonane tydelege tarifforganisasjonar, der makt, rettar og fagforeiningsidentitet blei knytt til tariffavtalane.
Ei bok om ein av lærarorganisasjonane fekk tittelen «Fra fornem bønn til kamp for lønn». Denne boktittelen illustrerer ei langvarig organisasjonsutvikling for fleire utdannings- og profesjonsorganisasjonar. Unio og Unio-forbunda er tydelege kamp- og tarifforganisasjonar. Dette blei godt illustrert då Presteforeininga, for berre nokre få år sidan, oppheva sin sjølvpålagde regel om å ikkje streike. Også ved dét høvet var det somme som snakka om «hensynsløse fagforeninger».